Fylkesveg 53 (Fv53) er vegstrekninga som går mellom Tyinkrysset i Vang og Lærdal, via Årdal.
Fylkesveg 53 | |||
---|---|---|---|
53 | |||
Tyinvegen, vest for Tyin | |||
Strekning | |||
Lærdal – Vang | |||
Informasjon | |||
Lengd | 71,6 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Nattestenging | Tyin - Årdal (om vinteren) |
Veglengda er 71,6 km, av dette 13,3 km i Oppland og 58,3 km i Sogn og Fjordane.
Strekninga er mest kjend for fjellovergangen Tyin–Årdal, som i utgangpunktet ikkje er vinterstengd, men som kvar vinter har kolonnekjøring eller må stengast mellombels på grunn av uvêr, rasfare eller anna.
Med utgangspunkt ved Tyinkrysset går riksveg 53 av frå E16 ved Tyinkrysset, forbi det tidlegare Tyin Hotell, langs den sørvestre breidda av Tyin, over fjellet og ned til Øvre Årdal, vidare langs den sørlege breidda av Årdalsvatnet til Årdalstangen og så langs den sørlege breidda av Årdalsfjorden før vegen endar i riksveg 5 ca. 1,5 km frå Fodnes ferjekai.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fylkesveg 53, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.