Folkereisning mot krig (FMK) er ein norsk pasifistisk organiasjon.
Han vart stifta i 1937 av Olaf Kullmann og Lilly Weber, som norsk avdeling av War Resisters' International (WRI).
Grunnlaget for WRI er ei oppfatning av krig som eit brotsverk mot menneskja, og at ein difor ikkje kan støtte nokon form for krig, men heller må arbeide for å fjerne alle årsaker til krig. FMK vil samle og styrke menneske og organisasjonar som vil arbeide i pakt med ei slik målsetjing.
FMK gir ut tidsskriftet Ikkevold, som kom ut første gong i 1968.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Folkereisning mot krig, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.