Folkefrelsar Til Oss Kom

«Folkefrelsar til oss kom» (Veni Redemptor Gentium) er ein salme av biskop Ambrosius av Milano (d.

397). Salmen vart omsett av Martin Luther i 1523. I 1905 fekk han norsk språkdrakt ved Bernt Støylen. Melodien som vert brukt er kjend frå Erfurt i Tyskland i 1524.

Folkefrelsar Til Oss Kom
Notar og tekst til '«Veni Redemptor Gentium» frå 1524

Salmen er den eldste kjende kristne salmen som framleis vert sungen. Han er ein adventssalme og har nr 1 i Norsk Salmebok.

Norsk tekst

    1.
    Folkefrelsar, til oss kom,
    fødd av møy i armodsdom!
    Heile verdi undrast på
    kvi du soleîs koma må.
    2.
    Herrens under her me ser,
    ved Guds Ande dette skjer.
    Livsens ord frå himmerik
    vert i kjøt og blod oss lik.
    3.
    Utan synd han boren er
    Som all synd for verdi ber.
    Han er både Gud og mann,
    alle folk han frelsa kann.
    4.
    Frå Gud Fader kom han her,
    heim til Gud hans vegar ber,
    Ned han fór til helheims land,
    upp fór til Guds høgre hand.
    5.
    Du som er Gud Fader lik,
    Ver i vanmakt sigerrik!
    Med din guddomsvelde kom,
    styrk oss i vår armodsdom.
    6.
    Klårt di krubbe skina kann,
    ljoset nytt i natti rann,
    naud og natt til ende er,
    trui alltid ljoset ser.
    7.
    Lov og takk, du Herre kjære,
    som til verdi komen er!
    Fader god og Ande blid,
    lov og takk til evig tid!

Kjelder

Tags:

Bernt StøylenErfurtMartin LutherSalme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VietnamIranLKolibriarBrahmaputraRhinenTuaregskjoldetPet SoundsMedianVassfjelletAll by MyselfKarplantarAlbumet Money for NothingEBayZjytomyr oblastPrositTartanPuffa risFolkerepublikken KinaAnne-Karine Strøm26. marsSneppålRolv WesenlundEgil ØstenstadAmitav GhoshThe Daily TelegraphMoskva oblastRubjerg Knude FyrKnut den mektigeSenterpartietDet britiske kongehusetAnother One Bites the DustHellasWater of LoveHákarlFin GnattIngrid Syrstad EngenListe over primtalNato-alfabetetMurmanskØresundbruaÉdessa i HellasRusslandKjersti BergesenNapoléon BonaparteLa BambaSvartehavetMarit BjørgenBillboardPéllaArménioStord kommuneRichard Wright (1908-1960)Julie EgeAlfons XIIIEdvard VII av StorbritanniaThe BugOrRörstrands PorslinsfabrikVerdas landArne DokkenJohn IllsleyPåskeISBNAkupunkturTidlegare kommunevåpen i NoregHeimehjelpLive at the BBC av Dire Straitsw1p04HydrometerBangladeshMyggPulitzerprisenJørn Lier HorstVólviBono🡆 More