«Fager er den himmel blå» er Anders Hovden si omsetjing av N.F.S.
Grundtvigs julesong «Dejlig er den Himmel blå».
Originalteksten vart skriven i desember 1810 under tittelen «De Vise fra Østen», og var Grundtvigs fyrste salme. Originalversjonen hadde 19 vers, i 1853 redigerte Grundtvig salmen til sju vers, slik vi kjenner han frå dei nyare norske salmebøkene. Det finst mange melodiar til salmen, men i Noreg er han mest kjend under ein melodi frå ca 1840, av Jacob Gerhard Meidell.
Anders Hoven omsette salmen til nynorsk i 1900. Han er trykt i Nynorsk salmebok på nr. 673, og i Norsk salmebok på nr. 93 og 94.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fager er den himmel blå, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.