Erik Brofoss (21.
juni">21. juni 1908–7. mai 1979), fødd i Kongsberg, var ein norsk økonom, jurist og politikar som representerte Arbeidarpartiet.
Erik Brofoss | |
Erik Brofoss i 1946 Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juni 1908 Kongsberg kommune |
Død | |
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, bankier, jurist, friidrettsutøvar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Erik Brofoss vart cand.jur. i 1931 og cand.oecon. i 1938. Han blei knytt til Londonregjeringa i 1942.
Erik Brofoss blei statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering, den reine Arbeidarpartiregjeringa, frå 5. november 1945. 6. desember 1947 tok han over Handels- og skipsfartsdepartementet, og blei handelsminister, eit departement han sjølv foreslo oppretta. Dette statsrådsvervet hadde han også i Oscar Torp si regjering frå 19. november 1951 til 2. juni 1954. Han var også bestyrande statsråd i Industridepartementet i tida 18. mai 1953 til 14. september 1953.
Då Brofoss gjekk ut av regjeringa blei han sentralbanksjef i Norges Bank. Han gjekk av i 1970, då han blei direktør for det internasjonale pengefondet (IMF), der han var til 1973.
Brofoss hadde stor innverknad på den økonomiske politikken som blei ført etter 2. verdskrigen. Han var særleg oppteken av realøkonomi - det vil seie at produksjonen skulle vere grunnlaget for levestandarden, ikkje pengane.
I unge år var Brofoss ein talentfull friidrettsutøvar. I 1928 tok han NM-sølv på 100 meter etter ha sprunge på 11,1. I 1930 deltok han i friidrettslandskampen mot Sverige på Bislett stadion. Den personlege rekorden hans på 100 meter var 10,8, noko som framleis er klubbrekord i Kongsberg IF.
Erik Brofoss hos Stortinget.no
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erik Brofoss, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.