Endringsblinde

Endringsblinde (engelsk shifting baseline syndrome) er ei manglande evne til å oppfatta gradvise endringar fordi ein er blitt van til den nye tilstanden og reknar han som naturleg eller normal.

Omgrepet blir særleg nytta i samband med økosystem og miljøendringar.

Historie

Omgrepet blei innført av landskapsarkitekten Ian McHarg i manifestet hans Design With Nature frå 1969. Her samanlikna han det moderne kulturlandskapet med det folk hadde levd i i tidlegare tider. Omgrepet blei så utvida til å gjelda for fiskeriressursar av Daniel Pauly i «Anecdotes and the shifting baseline syndrome of fisheries» i 1995. Pauly brukte omgrepet i samband med vurdering av fiskebestandar der forskarar kunne ha problem med å finna den rette grunnlinja (baseline) for storleiken på bestanden (det vil seia kor stor han var før han blei fiska), og dermed vurdera han ut frå ei endra grunnlinje. På liknande vis kan andre store økologiske endringar over tid gje ei endra oppfatting av kva som er normalt.

George Monbiot skreiv i How Did We Get Into This Mess: Politics, Equality, Nature frå 2016 om problemet med beitande sauer i det engelske høglandet der «mange ser det ødelagte, nedbeitede landskapet som naturlig.»

I 2018 skreiv journalisten Kristin Solberg om den svarte skya som ligg over Kairo: «Jeg spurte mange som hadde bodd i Kairo lenge, når den kom, den svarte skyen. Men den kom så gradvis at ingen kunne sette en dato».

Kjelder

Tags:

Økosystem

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ISBNJonas Gahr StøreMount EverestMiljøproblemNasjonalrettGrodagenArian EngebøLibe Rieber-MohnFlåklypa Grand PrixSomaliaFurieIf I Were SorryMikhail GorbatsjovMagnetventilKokosmakronUkrainsk matKrysantemumSteve PorcaroEritreaBrasilReguleringsventilSikhismenHomofiliBerlinblokadenDaghummaStudentEdvard VII av StorbritanniaMundheimHarry PotterArkadíaTegan and SaraStreptokokkhalsinfeksjonHovdebygdaPárgaAndre verdskrigenEdvard GriegHappy HumanLimboKorintI Dovregubbens hallHenning SolbergBjørkefinkSverigeFacesTommeJaroslav SoukupWikimaniaAleksandr RagulinLagasildNår vi døde vågnerOrbitalHalloSørlandetGardasjøenNitrogenQueenSexyTyrkiaCand.mag.Mike PinderGaupeSola kommuneA Whiter Shade of PaleFrits ThaulowFransk geografiMarte GerhardsenPlaneten MarsMette FrederiksenChampions LeagueDet første krosstogetParlamentarismeKommunismeSpesifikk varmekapasitetHolland🡆 More