Else Marie Høst (fødd 11.
mars">11. mars 1908 som Røysland, daud 1. august 1996) var ein norsk litteraturforskar og franskfilolog som utgav fleire lærebøker og også gjorde seg kjend som Ibsen-kjennar.
Else Høst | |||
Fødd | 11. mars 1908 | ||
---|---|---|---|
Død | 1. august 1996 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | litteraturhistorikar, filolog | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Gunnar Høst |
Høst var fødd i Stavanger som dotter av Iver Johan Røysland (1870-1957) og Gustava Aldén (1875–1932). I 1927 tok ho examen artium ved Kongsgård skule i Stavanger. Etter eit studieopphald i Sverige i 1930 og ved det svenske instituttet i Roma 1931, gifta ho seg i 1931 med franskfilologen Gunnar Høst (1900–1983). Ho studerte vidare ved Universitetet i Oslo der ho tok magistergraden i 1941 på avhandlinga Ibsens lyriske drama og doktorgraden i 1957 på ei avhandling om Ibsens Hedda Gabler.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Else Høst, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.