Eevahenna Aalto (fødd 11.
august">11. august 1944 i Helsingfors) er ein finsk-norsk bildekunstnar som særleg arbeider med tekstilkunst. Ho har budd i Noreg sidan 1970, og bur i Hammerfest.
Eevahenna Aalto | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1944 (79 år) Helsingfors |
Yrke | tekstilkunstnar |
Medlem av | Norske Tekstilkunstnere, Landsforeningen Norske Malere |
Nettstad | http://e-aalto.com/ |
Aalto er utdanna ved Den Frie Kunstskulen i Helsingfors 1966–68; Kreeta Pohjanheimos tekstilskule i Helsingfors 1966–70 og Bergen kunsthandverksskule 1975–76.
Ho har hatt utsmykkingsoppdrag ved fleire offentlege bygg i Nord-Noreg, mellom anna Hammerfest sjukehus, Setermoen leir, Finnmark sjukepleiarhøgskule, Hammerfest bibliotek, politihuset i Tromsø, Nornefeltet og Bardufoss flyterminal. Altertavla hennar til Hamarøy kyrkje vart avduka i 1990, og vart i 2000 brukt som motiv på eit norsk frimerke (NK 1408).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eevahenna Aalto, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.