E-type-asteroidar er asteroidar som har enstatitt-akondritt-overflatar.
Dei utgjer 60 % av asteroidane innover i asteroidebeltet kjende som hungaria-asteroidar, men blir snart sjeldne lengre ut. Det finst også nokon E-typar langt unna den indre delen av beltet, som 64 Angelina. Desse er sannsynlegvis restar etter ein kraftig redusert mantel frå ein tidlegare, differensiert asteroide.
E-typane har ein høg albedo, 0,3 eller høgare, noko som skil dei i frå dei meir vanlege M-type-asteroidane. Spektraa er trekklaust flatt til raudt. E-typane er små; berre tre asteroidar har diameter større enn 50 kilometer, og ingen andre har diameter over 25 km. Dette er sannsynlegvis fordi dei heller stammar frå dei ytre delane av opphavslekamen enn kjernen.
Det er antatt at aubritt-meteorittar stammar frå E-type-asteroidar. E-typen kan vera relatert til Xe-typen i SMASS-klassifiseringa.
Litt om klassifisering og meteorittar hjå Washington State University
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article E-type-asteroide, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.