M-Type-Asteroide

M-type-asteroidar er asteroidar av ukjent samansetning.

Dei er moderat lyse med ein albedo på 0,1-0,2. Nokre av dei består av nikkel og jern, enten reint eller blanda med mindre mengder av stein. Desse asteroidane er tenkte å vera bitar av metallkjernene til differensierte asteroidar som har blitt delt opp i bitar etter kraftige nedslag. Ein meiner at desse M-type-asteroidane er opphavet til jernmeteorittane.

Andre M-typar har ukjent samansetning. For eksempel har 22 Kalliope ein tettleik som er for låg til å vera eit metallhaldig objekt; sjølv ein porøs asteroide av metall ville trengt ein porøsitet på 70 % for å ha så låg tettleik. Kalliope og 21 Lutetia har trekk i spektruma som hintar til at dei har hydrerte mineral og silikat, låge radaralbedoar som ikkje stemmer med ei metallhaldig overflate, og karakteristikkar som har meir til felles med C-type-asteroidar. Ei rekkje andre M-type-asteroidar passar heller ikkje inn i kategorien med metallrike asteroidar.

16 Psyche er den største M-type-asteroiden og ser ut til å vera metallhaldig. Ein M-type, 216 Kleopatra, vart fotografert ved hjelp av radar av Arecibo-observatoriet i Puerto Rico, og har ei form lik eit hundebein.

M-typen var ein av dei tre hovudkategoriane i den første klassifikasjonen, og var opphavleg tenkt å vera ein klasse for metallhaldige asteroidar.

Tags:

AlbedoAsteroidarJernMeteorittNikkel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Barry HayOlav V av NoregKevlar24. aprilArne TreholtHank LocklinSakharovprisenOrFilmserien Harry PotterXboxSvastikaFollo FotballklubbTuonelaAndreas BlochPeriferieininga LárisaOlga DanilovaFilmen Land og fridomHotel Union ØyeJa, vi elsker dette landetBoge i arkitekturenAndreas WidhölzlParadise and LunchØFársalaEselDen HelderPortugisiskA Collection of Great Dance SongsJohan BojerBetzy Akersloot-BergJacques BrelØrnMoldedialektAsker kommuneFranz LisztThomas JeffersonBlåmannKolonialhandelSaudiarabisk geografiRundeKlima i CanadaESkiflygingJaroslav SoukupKamferBo WiderbergSkambanktSauCristiano RonaldoKorrespondentPolitiet i NoregInkarikets fallUnicornKonform avbildingMaria Gamborg HelbekkmoBuddhisttempelDS «Vesteraalen»Hardy-gutteneKleopatraMicky MoodyStrategispelMichael UhrmannEinatPannemerke i hinduismenTrekanthandelFuglarMagnus MarsdalKnut T. StorbukåsFilmen EllingPave Johannes Paul IEtiopiaArvo ViitanenKaptein SabeltannBon Iver, Bon IverYuan-dynastiet🡆 More