Natural Thing
Don't Stop Believin' Singel av Journey frå albumet Escape | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1981 | |
Innspelt | 1981 | |
Studio | Fantasy Studios, Berkeley, California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:11 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon | |
Produsent | Kevin Elson, Mike «Clay» Stone | |
Journey-kronologi | ||
«Who's Crying Now» (1981) | Don't Stop Believin' | «Open Arms» (1982)
|
«Don't Stop Believin'» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey frå det sjuande albumet deira, Escape (1981). Songen vart gjeven ut som den andre singelen deira frå albumet og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 seint i 1981. I Storbritannia gjekk ikkje songen opphavleg inn på singellista, men songen nådde sjetteplassen på lista så seint som i 2010.
Mike DeGagne i AllMusic har skildra «Don't Stop Believin'» som «ein perfekt rockesong» og ein «anthem», med «eit av dei beste opnings-klaverriffa i rocken.» Songen er det bestseljande digitale sporet frå 1900-talet med over sju millionar selde eksemplar i USA.
I 2007 fekk songen mykje presseomtale og vart raskt populær att då han vart nytta i den siste scenen i HBO-serien The Sopranos. Steve Perry var i starten nølande til å la songen bli brukt i The Sopranos, men vart til slutt overtalt. Den digitale nedlastinga av songen eksploderte etter episoden var blitt vist og motiverte bandet til å halde fram å leite etter ein erstattar for Steve Perry, som hadde slutta som songar i bandet.
Songen vart òg populær etter at han vart nytta som avslutningssnummer i Rock of Ages, ein jukeboks-musikal med hittar frå 1980-åra. Showet gjekk på Broadway frå 2009 til 2015, og kom i 2012 med i ein film med Tom Cruise.
Songen nådde åttandeplassen på Billboard Mainstream Rock-lista, og niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. Han har selt over ein million eksemplar på vinyl. Det er den bestseljande digitale songen opphavleg gjeven ut på 1900-talet, og var den 72. mest nedlasta songen i 2008, og den 84. mest nedlasta i 2009, over 27 år etter songen kom ut. Det var òg ei stund den bestseljande rockeosngen i digital historie før han vart passert av Imagine Dragons sin «Radioactive» i januar 2014. I juli 2017 hadde songen passert 7 millionar betalte digitale nedlastingar i USA.
«Don't Stop Believin'» har gått inn på lister verda over i nyare år. I Irland vore heilt oppe på fjerdeplassen, i Sverige 25. plassen, og i Nederland 50. plass.
Powerballaden er framleis ein av dei mest populære rockesongane i Irland og er ofte å sjå på topp 10-lista over dei mest nedlasta songane der.
Songen kom ut i Storbritannia i desember 1981 og nådde då berre 62. plassen på singellista. «Don't Stop Believin'» vart aldri gjeven ut på ny i Storbritannia, men hadde sine fans og gjekk inn att på UK Singles Chart i februar 2009 på 94. plassen å¨grunn av digital nedlasting. Den 1. november 2009, etter songen var blitt framført på britisk X-faktor, gjekk «Don't Stop Believin'» inn på 52. plassen på lista og steig til 19. plassen to veker seinare. Songen låg på lista i tre veker. Den 20. desember dette året gjekk «Don't Stop Believin'» heilt opp til niandeplassen på lista etter songen vart framført igjen på The X Factor. Songen var på topp 10 i nye sju veker i 2010 og nådde sjetteplassen som høgaste plassering.
Tidleg i 2010 vart det annonsert at songen var den 65. bestseljande singelen i 2009, nesten tretti år etter han kom ut. «Don't Stop Believin'» har vore totalt 21 veker inne på topp 40 frå november 2009 til april 2010. «Don't Stop Believin'» var den 25. bestseljande songen i 2010 med over 435 000 selde eksemplar. Han gjekk inn att på lista i 2011, 2012 og 2013 og fram til 2016 hadde songen lagt i alt 95 veker inne på topp 100.
Vekeslister
| Årslister
Tiårsliste
Gjennom alle tider
Sal og salstrofé
|
Don't Stop Believin' Singel av Glee cast frå albumet Glee: The Music, Volume 1 | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mai 2009 | |
Innspelt | 2009 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon | |
---|---|---|
Produsent | Ryan Murphy, Adam Anders | |
Glee cast-kronologi | ||
Don't Stop Believin' | «Rehab» (2009)
|
«Don't Stop Believin'» vart spelt inn av rollebesetninga i den amerikanske fjernsynsserien Glee. Han vart framført, anten heile songen eller delvis, i seks episodar i serien, frå den første til den 120. (nest siste) episoden. Songen vart framført nær slutten av den aller første episoden i mai 2009. Songen vart den første singelen som kom ut frå albumet til serien, Glee: The Music, Volume 1, og var basert på Petra Haden sin versjon.
Singelen gjorde det godt i 2009 og gjekk inn på salslistene i USA, Irland, Storbritannia og Australia. I oktober 2009 hadde songen fått gullplate og i mars 2011 platinaplate for 1 million digitale sal. Det vart òg platinaplate i Australia. Det er den mest populære songen i historia til serien med nesten 1,5 millionar eksemplar selt i USA aleine.
Liste (2009–2011) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA) | 5 |
Australia Hitseekers (ARIA) | 1 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) | 68 |
Canada (Canadian Hot 100) | 37 |
Frankrike (SNEP) | 48 |
Tyskland (Media Control AG) | 50 |
Irland (IRMA) | 4 |
Italia (FIMI) | 46 |
Japan Adult Contemporary Airplay (Billboard) | 2 |
Nederland (Mega Single Top 100) | 91 |
New Zealand (RIANZ) | 16 |
Portugal Digital Songs (Billboard) | 9 |
Skottland (Official Charts Company) | 2 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 74 |
UK Singles (Official Charts Company) | 2 |
US Billboard Hot 100 | 4 |
US Pop 100 (Billboard) | 18 |
Liste (2010) | Plassering |
---|---|
European Hot 100 Singles | 82 |
UK Singles (The Official Charts Company) | 22 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA) | Platina | 70 000^ |
Storbritannia (BPI) | Platina | 600 000^ |
USA (RIAA) | Platina | 1 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Don't Stop Believin', which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.