Dikt Og Sanning

Dikt og Sanning er eit såkalla Einstaka dikt Ivar Aasen skreiv i 1855.

Det er eit av dei lengste og mest filosofiske dikta frå Aasen si hand. I tone og tanke minner det mykje om Følg Kaldet, skrive av Henrik Wergeland i 1844.

Tema

Aasen set opp eit program for seg sjølv i dette diktet. Han syner og ei livstilnærming som er klårt religiøs. Han er først og fremst på leit etter Sanninga, og samanliknar ho med «braud i munnen», for sjela. Han oppmodar til å leite etter sanninga, og seier ho kan finnast jamvel i «fille-dungen» som nokon annan plass.

Aasen skil her, som ofte elles, mellom sanning og løgn. Han meiner at ein skal koma bortom det ytre skinet og leite etter andre og meir varuge verdiar i livet. Han vonar at sanninga skal vinne fram til sist (Dette kan jamnførast med diktet Til lags åt alle eller Etterstev i Symra).

    Væl vendest Mannen etter Tid og Tame,
    og Sanningi kann faa ein ymis Lit:
    men Mannen er daa innantil dan same,
    og so er sanningi i Mannsens Vit.

Tankegangen kan samanliknast med synet Aasen har på danning, mellom anna i artikkelen Om Dannelsen og Norskheden frå 1857. Han skil oftast mellom indre og ytre danning, og sanningsomgrepet hans er tydeleg knytt til denne tanken.

Det er diktaren si oppgåve å få sanninga fram, seier Aasen her:

    So skal dat fylgja saman, Dikt og Sanning:
    dat eine styrkja skal dat andre stødt,
    at folket paa det rette maa faa Kanning,
    og dat maa verda fast i Hugen røtt:
    at saalar-Syni klaarna kann og vidna
    og sjaa, kor myket veent i Verdi er:
    at inste Hugen mjukna kann og blidna
    og faa dan heile Folkeslegti kjær:
    at falska truer kverva kann og slakna
    og ærlegt Vit og ærleg vilje vakna,
    at Ungdoms Hugen verda før og sterk
    til store tankar og til gode verk.

Diktet avdekkjer at Aasen kunne ha eit kosmopolitisk og særs romantisk syn og grunngjeving for verket og tankane sine. Noko av tankestoffet her kan ein kjenne att hjå den skotske diktaren Robert Burns.

Kjelder

Tags:

18441855Følg KaldetHenrik WergelandIvar Aasen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ReligionskrigNihilismePeriferieininga PrévezaNytt på nyttTilsynelatande storleiksklasseEselØlen633Minar-e-PakistanManuela Di CentaMaskorama (sesong 4)Harald EiaLangnebbparakittNicholas MayallCarl XVI Gustaf av SverigeSikhismenHalloLufttrykkKonform avbildingBardufoss lufthamnEngland og WalesJapanElbaDet første krosstogetMonacoVerdas bokdagDet angolanske kvinnelandslaget i handballKoyaanisqatsiROBEKPaparoa nasjonalparkLonnie MackKommunismeMagnus MarsdalAntropomorfismeOlav V av NoregAleksandr RagulinBunadLatin-AmerikaPortugisiskNile RodgersFársalaForelskingGrodagenØresundbruaHundMoskvaprosessaneFreiaSymbolNatriumkloridMidsommarRusslandSeladonAust-Makedonía og ThrákiDen muslimske verdaKrøllalfaUngarnStorbritanniaCupheadDeltaNykøbing MorsYuan-dynastietFree Fallin'FridomssosialismeListe over primtalSnikkarPolitiet i NoregHurtigrutaMaud av NoregFader vårCristiano RonaldoVik kommunePyramidekabalMiljøproblemFrits ThaulowDanmarkTrekanthandel🡆 More