Kosmologisk Dikt

Kosmologiske dikt (av gresk kosmologia, 'lære om verdsbygnaden') er dikt som fortel om korleis verda vart skapt og utviklar seg.

Eit kosmologisk dikt kan òg kallast ein kosmogoni.

Kosmologisk Dikt
Voluspå på eit frimerke frå Færøyane

Døme

Det norrøne eddadiktet Voluspá kan tene som døme på eit kosmologisk dikt. Det fortel om korleis gudane, verda, tussane og menneska vart til, korleis verda utvikla seg og gjekk under i Ragnarok, og om korleis ho oppstod att for andre gong med ein ny himmel og ei ny jord. Og om den vona som knytte seg til to overlevande menneske, ein mann og ei kvinne, som fekk høve til å byrja heilt på nytt. Det finst fleire omsetjingar.

Henrik Wergeland sitt dikt Skabelsen, Mennesket og Messias (1830) (og den omarbeidde versjonen Mennesket frå 1845), gjerne omtala som verdsdikt, er òg kosmologiske. Wergeland si skapingssoge har henta inspirasjon frå mange kantar, mellom anna frå Bibelen, som i seg sjølv må reknast som eit kosmologisk verk. Han tek til med skapinga av verda og sluttar med Openberringsboka.

Diktet til Wergeland er eit storfelt episk-dramatisk-lyrisk verk. Den verdshistoriske framstillinga sprengjer rammene for bibelen, som held seg til soga åt jødefolket. Wergeland vil fortelja om heile menneskja, om «Makt og Bedrag» og om voksteren mot sanning, fridom og kjærleik. Verket i første utforming avsluttar nærast apokalyptisk. Den omarbeidde versjonen endar i ein utopi, «Jesu aandige Opstandelse», som er utforma som eit visjonsdikt.

Kjelder

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AntiqueIvar AasenFársalaDu må ikke soveKulturindustrienNasjonaldraktNorsk fonologiPeter GabrielPilt-OlaPRISMNynorskFridomssosialismeEuropaLittle WalterNasjonaldagKolonialhandelViggo MortensenA Touch of ClassPlaneten MarsGonzález IslandVangsgutaneStyresettNile RodgersChampions LeagueEmma EllingsenGyllen fallskjermItaliaKorrespondentListe over primtalÅSpekkhoggarLike-til-likeBjørkefinkKabelsporvognDet tredje riketPolitiet i NoregIslandEmma WatsonEfesosLangeJoe BidenStore norske leksikonAmasoneWorld Wide Fund for NatureThe First Cut Is the DeepestSverigeFreiaSteve PorcaroGrunnstoffliste etter atomnummerStøytionisasjonPasco-regionenØyvind ØsterudVan der VeenstraumenLárisaFinding DoryHenning SolbergVaskesetelLonely and BlueHenry LawsonIgoumenítsaFelix MendelssohnMoskvaprosessaneKornHåvard RemOrbitalDet første krosstogetStorbritanniaBuddhismenAnna Maria EhrenstrahlDet polske flaggetPaparoa nasjonalparkKristoffer TømmerbakkeRussisk litteraturHumleHar SedomSpania🡆 More