Differensialgir: Type mekansisk gir

Differensialgir, eller differensial, er ein utvekslingsmekanisme som fordeler dreiemomentet mellom to akslingar som kan ha forskjellig turtal.

I drivakselen på motorkøyretøy syter differensialen for at dei to drivhjula kan ha ulikt turtal når køyretøyet svingar. Differensialen er vanlegvis bygd in i kronhjulet på drivakselen, som vist i figur 1.

Differensialgir: Type mekansisk gir
Fig. 1 Drivaaksel med differensial.
1 kronhjul
2 planethjul
3 pinjongaksel
4 pinjong
5 drivaksel
6 solhjul
7 drivaksel.
Differensialgir: Type mekansisk gir
Fig. 2 Drivaaksel med differensial.
1 pinjongaksel
2 differensialklokke
3 planethjul.
4 solhjul.

Prinsipp

På bakjulsdrivne køyretøy vil mellomakselen driva pinjongen, (4) i figur 1, som så driv kronhjulet, (1) i figur 1, som tilsvarar det blå tannhjulet i figur 2. (På grunn av den store forskjellen i talet på tenner vil kronhjulet rotera mykje saktare enn pinjongen.) På eit køyretøy med framhjulsdrift trengst det ikkje vinkelgir, så både pinjongen, som driv kronhjulet, og kronhjulet vil vera sylindriske tannhjul, som det blå tannhjulet i figur 2.

Når kronhjulet roterer vil det ta med seg dei to planethjula, (2) i figur 1. I figur 2 er berre eit planethjul vist, men i praksis er det to, som i figur 1. Dei to planethjula er fritt opplagra, men ved køyring rett framover vil dei ikkje rotera, men dra med seg dei to solhjula, (6) i figur 1, som vil rotera med same turtal som kronhjulet.

Om eit av hjula står på glatt (friksjonslaust) underlag og det andre har godt feste, vil hjulet med godt feste stå fast og planethjula vil rotera når akslingane dei er opplagra på roterer med kronhjulet, som visa i figur 2 b). Hjulet på glatt underlag vil no rotera med dobbelt turtal i høve til når begge hjula roterer med same turtal.

Ved køyring i sving vil hjulet i innersvingen rotera saktare enn ved køyring rett fram og det ytre hjulet vil rotera fortare. Differensialen syter slik for at begge hjula roterer med rett fart i høve til veglengda dei rullar.

kjelder

Sjå òg

Tags:

AkslingDreiemoment

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Inkarikets fallRaudstrupeEx-utstyrWennersgaard PointSkigardsviseEndometrioseBjørnøyaFylkesveg 751LagerthaSauOnaniEM i fotball 1992Voss heradCarl LarssonVerdas land etter folketalMauser-rifle M98PortugalPolenOdinWiki CommonsTonsillThoriumkraftverkTidslinje over norsk historieDygdsetikkEddadiktHotel Union ØyeKarpenísiFrankrikeBjørkefinkJordbruksrevolusjonenEMoskvaDírfys-MessápiaIne Marie WilmannOblatLa LigaMogopFønvindGresk mytologiElvar i RusslandKorrespondentHappy HumanHarald GaskiDet internasjonale fonetiske alfabetetRhinenAasmund NordstogaSverigeKarimatasundetMari BoineStortinget T-banestasjonLinn UllmannTanzaniaColtanMånenPeter Wessel TordenskjoldPandemiRändajadAftonbladetEmmerFylkesnummerAtle HansenTalordDei fire årstideneHotel CaliforniaAnders VassbotnJosef StalinAdamstuenPjotr Iljitsj TsjaikovskijOle PausSamleieMusikkgruppa LavaDen kalde krigenTolvfingertarmFlagg🡆 More