Det Sveitsiske Forbundsrådet

Det sveitsiske forbundsrådet (tysk Schweizerischer Bundesrat, fransk Conseil fédéral suisse, italiensk Consiglio federale svizzero, retoromansk Cussegl federal svizzer) er organet for utøvande makt i Sveits, det vil seia regjeringa i landet.

Rådet har også kollektivt status som sveitsisk statsoverhovud.

Det Sveitsiske Forbundsrådet
Det sveitsiske forbundsrådet (2018).
Det Sveitsiske Forbundsrådet
Offisielt foto av Forbundsrådet for 2013 (venstre til høyre):
Johann Schneider-Ammann
Simonetta Sommaruga
Didier Burkhalter (visepresident 2013)
Eveline Widmer-Schlumpf
Ueli Maurer (forbundspresident 2013)
Alain Berset
Doris Leuthard
Corina Casanova (forbundskanslar)

Forbundsrådet har sju medlemmer. Dei blir valde til ein fireårsperiode av Den sveitsiske nasjonalforsamlinga (nasjonalrådet og stenderrådet saman). Berre representantar med absolutt majoritet kjem inn, derfor skjer det ofte mange røystingar. Val til forbundsrådet skjer når nasjonalrådet byrjar ein ny fireårsperiode. Dersom eit medlem av forbundsrådet trekker seg, blir det halde suppleringsval.

Forbundsrådet blir leia av ein forbundspresident som blir vald for eitt år om gongen. Forbundspresidenten leiar regjeringa som primus inter pares (den fremste blant likemenn), og vervet går på rundgang i rådet. Det blir også vald ein visepresident som typisk overtek etter forbundspresidenten når året er omme.

Samansetjing av rådet

Forbundsrådet skal vera balansert i høve til geografisk og kulturelt opphav. Fram til 1999 sa den sveitsiske grunnloven at ingen kanton kunne ha meir enn ein representant i rådet. Etter dette slo han berre fast at rådet skulle ha ei jamn fordeling i høve til kantonar og språkgrupper. Medlemmer som trekker seg blir derfor gjerne erstatta med personar frå same bakgrunn.

Frå 1959 til 2003 førte eit forlik mellom dei fire største partia i Sveits til at representane i rådet er fast fordelt etter partitilhøyrsle:

  • 2 medlemmer frå Freisinnig-demokratische Partei der Schweiz (FDP)
  • 2 medlemmer frå Christlichdemokratische Volkspartei der Schweiz (CVP)
  • 2 medlemmer frå Sozialdemokratische Partei der Schweiz (SPS)
  • 1 medlem frå Schweizerische Volkspartei (SVP)

I 2003 tapte kristelegdemokratane sin plass til det sveitsiske folkepartiet. Etter at folkepartiet delte seg i juni 2008 hadde dei berre ein representant i Forbundsrådet, den andre plassen gjekk til Bürgerlich-Demokratische Partei Schweiz (BDP).

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

FranskItalienskRegjeringRetoromanskStatsoverhovudSveitsTyskUtøvande makt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NihilismeMarie AntoinetteDet norske alfabetetGaysirTonsillLongyearbyenSMS-språkVoss heradTiticacaSunnmøreDílesiLimequatAnne HoltJohann Sebastian BachChristmasøyaMólos-Ájos KonstandínosRundi2019HomofiliJenteMakrakómiDag RiisnæsRusslandKaména VoúrlaDet nederlandske koloniriketRaudstrupeJernQurayyat i OmanMargrethe RøedDinosaurarSenterpartietKyprosØstfold fylkePláka DílesiSiderPoSoria Moria kinoJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughSothøneKompasspunktSolgangsbrisFærøyaneSoparKalkulusNordmennMatrjosjkaElektronikkOksygenØresundbruaSoppLeikanger kommuneBeltaneRegnskogDet latinske alfabetetSt. PetersburgValborgsmesseaftanGruppa Krovi2016SymbolBlack SabbathClement AttleeRonja RøverdatterIslandFriksjonKriminalitetBlandingRekonvalesensZinédine ZidaneAnette HoffChristianiaJonas Gahr StøreFylkesveg 751FagorganisasjonSørøya i FinnmarkKoala🡆 More