Den tiårige svinginga i Stillehavet (PDO, av Pacific Decadal Oscillation) er eit klimatisk variasjonsmønster i Stillehavet som skiftar fase med ein tidsskala på eit par tiår, vanlegvis om lag 20 til 30 år.
PDO vert kjenneteikna ved varmt eller kjølig overflatevatn i Stillehavet nord for 20° N. Under ein «varm», eller «positiv», fase vert det vestlege Stillehavet avkjølt og delar av dei austlege områda vert varmare. Under ei «avkjøling», eller ein «negativ» fase, skjer det motsette.
Den tiårige svinginga i Stillehavet vart namngjeven av Steven R. Hare, som merka seg dette då han studerte mønster av lakseproduksjon i 1997.
Mekanismane som gjer at mønsteret varer over fleire tiår er ikkje kjend. Det er foreslått at eit tynt lag med varmt vann om sommaren kan verne djupare kald vatn. Eit PDO-signal har vorte rekonstruert bak til 1661 ved hjelp av årringar på tre i Baja California.
Den intertiårige svinginga i Stillehavet (IPO eller ID, interdecadal pacific oscillation) syner liknande mønster for havoverflatetempreaturen og havnivåtrykket, med ein syklus på 15 til 30 år, men desse påverkar både det nordlege og sørlege Stilehavet. Største anomaliar i havoverflatetemperaturen finn ein bort frå ekvator. Dette er nok ganske annleis enn den kvasi-tiårige svinginga med ein periode på 8 til 12 år og maksimum havoverflatetemperaturanomaliar på begge sider av ekvator, som såleis liknar El Niño-mønsteret (ENSO).
Sjølv om det er fleire mønster som kjenneteiknar ei regimeendring, er dei viktigaste endringane mellom «varme» og «kalde» mønster som varer 5 til 20 år.
I alle tilfella på 1900-talet har regimeendringar i PDO vore knytte til liknande endringar i det tropiske havet.
Havnivåauke er påverka når store område med vatn vert varma opp og utvidar seg, eller vert avkjølt og trekkjer seg saman.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den tiårige svinginga i Stillehavet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.