Kimetsu No Yaiba

Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba (鬼滅の刃) er ein japansk mangaserie skriven og illustrert av Koyuharu Gotouge.

Hovudpersonen, Tanjiro Kamado, prøver å bli ein demonjeger etter at familien hans blei drepen og syster hans vart gjort om til ein demon. Serien vart trykt i magasinet Weekly Shōnen Jump frå februar 2016 til mai 2020. Serien vart publisert på engelsk av Viz Media.

Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba
鬼滅の刃
Forfattar(ar)Koyoharu Gotōge
Språkjapansk
Sjangerdark fantasy, eventyr
Utgjeven15. februar 2016
ForlagJump Comics, Panini Comics, Star Comics, Haksan Culture Company, Norma Editorial, Editorial Ivrea, Elex Media Komputindo

I 2019 vart det sendt ein 26 episodar lang TV-versjon (anime) frå april til september. Ein oppfølgjarfilm, Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba – The Movie: Mugen Train, kom ut i oktober 2020 og vart den mest innbringande anime-filmen i Japan nokon gong. Den andre sesongen vart send frå oktober 2021 til februar 2022, og ein tredje sesong er annonsert.

I februar 2021 var 150 millionar kopiar av mangaen selde, og serien var den niande mest selde i historia. I 2020 var omsetninga til merkevara estimert til ein billion yen (75 milliardar kroner) og blant dei største media-merkevarene nokon gong.

Handling

Kimetsu No Yaiba 
Fans kledd ut som karakterar frå Demon Slayer

Handlinga speler seg ut i Japan i tida rundt den fyrste verdskrigen, der ein organisasjon av demonjegerar driv ein hemmeleg krig mot demonar. Demonane er menneske som er gjort til menneskeetande demonar av Muzan Kibutsuji, og demonane har overnaturlege evner og kan berre bli drepe av sverd laga av «solstål», med gift frå ein plante i blåregnslekta, eller av sollys. Demonjegerane bruker forskjellige pusteteknikkar for å få superkrefter i kampen mot demonane.

Hovudpersonen, Tanjiro Kamado, er ein godhjarta og intelligent gut som bur med familien sin i fjella. Ei natt blir heile familien hans drepen, og veslesystera Nezuko blir til ein demon, men missar ikkje menneskelegdommen sin. Tanjiro møter ein demonjeger og innser at han som demonjeger kanskje kan redde systera si og hemna familien sin. Tanjiro trener i to år, og Nezuko blir lært opp til å ikkje skada menneske og å hjelpa broren sin. For å hindra Nezuko i å få kontakt med sollys ber Tanjiro ho på ryggen i ei kasse. Tanjiro møter Zenitsu Agatsuma og Inosuke Hashibira, og dei tre nybegynnarane blir eit lag som saman med andre demonjegerar stadig må kjempa mot nye demonar som drep menneske i nabolaga sine.

Anime

Studioet Ufotable med produsent Hikaru Kondo og regissør Haruo Sotozaki, laga ei TV-utgåve av serien som vart send frå 6. april til 28. september 2019. I Nord-Amerika vart serien lisensiert av Aniplex of America og kom på Blu-ray frå 30. juni 2020. Fleire strøymetenester byrja å senda serien, og i 2021 kom serien til Netflix.

Musikken åt serien, skrive av Yuki Kajiura og Go Shiina vart framført av artisten Lisa, og mens kjenningsmelodien frå fyrste sesong, Gurenge, vart nr. 2 på Japan Hot 100, toppa melodien til sesong 2, Akeboshi, denne lista.

Anna

Dataspelet Kimetsu no Yaiba: Keppū Kengeki Royale (鬼滅の刃 血風剣戟ロワイアル) vart annonsert i 2020, og kom 14. oktober 2021 til ei rekke spelkonsollar.

Eit skodespel basert på serien vart sett opp på AiiA 2.5-teateret i Kobe i 2020. Eit anna skodespel basert på same serie vart sett opp i Tokyo og Osaka i august 2021.

Mottaking

Etter at serien kom som anime vart han særs populær, og merkevara vart omsett for 1 billion yen, meir enn t.d. Pokémon. Det stadig dalande salet av teikneseriar fall berre 1 % i 2020, då fordi koronapandemien og Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba bidrog til auka sal. Ei undersøking i 2020 viste at 90 % av alle familiar i Japan kjente til Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba, og over 40 % sa dei hadde særs god kjennskap til serien.

I februar 2019 var det selt 3,5 millionar eksemplar av manga-serien, eit tal som var over 80 millionar i juli 2020 I byrjinga av 2020 var alle dei ti mest selde manga-blada utgåver av Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba, noko som ikkje hadde skjedd før.

Kritikarane var litt lunkne til manga-serien då han kom, men roste anime-versjonen.

Serien fekk 11 prisar på Animedia Character Awards 2019. I 2020 og 2021 vann anime-versjonen prisar frå BookWalker (e-bokhandel), Piccoma (web-serie-teneste), Da Vinci (magasin) og dessutan ei rekke prisar innan bransjen.

Kjelder

Tags:

Kimetsu No Yaiba HandlingKimetsu No Yaiba AnimeKimetsu No Yaiba AnnaKimetsu No Yaiba MottakingKimetsu No Yaiba KjelderKimetsu No YaibaManga

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SaltNorske dialektarJerpeHerbert HooverNitrogenStøvsugarEselSilkehegreAutoritetsdataScrabbleJa, vi elsker dette landetKvartalKorinthíaDet britiske imperietGitarforsterkarSamveldetAndre verdskrigenRomanen AndvakeMusculus latissimus dorsiÅlandNoregDiktReinFranz LisztPannemerke i hinduismenOrRussisk litteraturKommunar i NoregOperahuset i SydneyBeaufortskalaenInternasjonal telefonkodeVladimir PutinLydmålingVerktøyet filTysklandMesonTuvinskNord-KoreaFrozenTippbilElbaNorsk ytre språkhistorieArkadíaCarles PuigdemontSomaliaAserbajdsjanEkvatorAutoritærKapitalismeAlan WalkerVictoria av StorbritanniaCountryJonas Gahr StøreMolde kommuneRaudstrupeHydrogencyanidIslandske nasjonaldrakterHaikuElvis PresleyI'm Still StandingRakettWilkie CollinsLagerthaGaupeNamnedagar i NoregJesusReligionskrigBrennverdiStillehavetDen Kristelige MenighetDet norske alfabetetVik-Sandvik GroupLohriTeltDronninga av SabaKolonialhandel🡆 More