Manga

Manga (ⓘ  kanji: 漫画) er det japanske ordet for teikneseriar.

I Japan har teikneseriar hatt rimeleg høg anerkjenning, det har heilt frå starten vorte kalla ei eiga kunstart. I Vesten har omgrepet naturleg nok fått tydinga japansk teikneserie (kan bli brukt både i eintal og fleirtal) og skil seg noko ut frå vestleg teiknestil, forteljarteknikk og handling. Grunnen til dette er dei store forskjellane kulturelt. I japanske teikneseriar les ein rutene frå høgre mot venstre, nett som i tradisjonell japansk handskrift.

Manga
Fyrste side av mangaen om Wikipe-tan, Commons-tan og Wikiquote-tan.

Manga blir ofte omarbeidd til anime (japansk for animasjon) etter dei har oppnått nok interesse. Historier tekne frå manga blir ofte modifisert i mindre grad for å appellera til eit breiare publikum. Anime blir òg omgjort til manga, men dette er uvanleg.

Manga blir nokon gonger misforstått for å vera anime, av di dei fleste japanske animasjonsfilmar populære i vestlege land er baserte på manga.

Soga åt mangaen

Hokusai manga

Manga 
Representasjonen åt Hokusai av ei gate i Edo.

Manga vart fyrst gjeve ut av den japanske kunstnaren Katsushika Hokusai (fødd 1760, død 1849) mellom 1814 og 1878. Det var Hokusai som fyrst brukte uttrykket manga (kanji: 漫画, IPA: maŋga). Det kan verta laust omsett til «visuelle innfall», og originalt var det slik òg, for di bileta var uavhengige av kvarandre. Over dei 15 voluma Hokusai utgav mellom 1814 og 1878 er det ei heil rekke med ymse motiv, alt frå historiske personar, arkitektur, gudar, monster, natur og dyr. Stilen var meir som ei skisse enn eit ferdig bilete - grunnen var at Hokusai ynskte å fokusera meir på idé enn detalj.

Ukiyo-e

Hokusai brukte trestempel til å laga fleire bilde, dette vert klassifisert som ukiyo-e («bilete av den flytande verda»). Desse var særs populære av di dei kunne verta masseproduserte. Det var her Hokusai begynte å fortelja historier med bileta sine, og desse bestod ofte av 12 skisser til kvar forteljing.

Ponchi-e

«Ponchi-e» var utviklinga av ukiyo-e. Namnet er teke frå det engelske bladet «Punch» og det var ifrå den vestlege kulturen artistane henta inspirasjonen sin. Artistisk sett var det òg forandra sidan artistane byrja å fokusera meir på linje, form og farge i arbeida sine. I staden for den tradisjonelle 12 panels metoden brukt i ukiyo-e brukte no artistane ofte 4 panel til kvart arbeid. Det var i denne perioden Osamu Tezuka starta karrieren sin som mangaka (manga artist), med utgjevinga Dagboka åt Ma-chan. Orginalt var dette eit firepanels verk i ei barneavis (Shokokumin Shimbun, som idag heiter Mainichishogakusei shinbun), men dette forandra seg raskt og Dagboka åt Ma-chan vart snart ei eiga utgjeving.

Osamu Tezuka

Osamu Tezuka heldt fram arbeidet sitt etter Dagboka åt Ma-chan med Shin Takarajima («Den nye skatteøya») i 1947. Trass i harde tilstandar i Japan under etterkrigstida var denne mangaen ein enorm suksess, med 400 000 kopiar selde. Det var dette som la grunnlaget for moderne manga og populariteten hans. Han heldt fram arbeidet sitt med Jungle Taitei (Kimba den Kvite Løva), som var den fyrste mangaen som vart gjeven ut jamleg, i 1950. Han arbeidde vidare med ei heil rekke utgjevingar, over mange forskjellige sjangrar – noko som la grunnlaget for populariteten no for tida. Arbeidet hans var artistisk sett inspirert av amerikanske teikneseriar og filmar, og han nemnde Disney som ein av dei store inspirasjonskjeldene sine.

På grunn av gjennombrota sine og enorme påverknadskraft på moderne manga blir Osamu Tezuka av mange sett på som «Den moderne faren åt mangaen» eller «Mangaguden».

Gekiga og manga

I 60- og 70-åra var det to former for utgjeving av manga. Mangaformatet var basert på sal av magasin. Denne var basert på vekentlege eller månadlege utgjevingar, og hadde derfor strenge fristar. Dette førte til at dei fleste artistane adopterte stilen åt Osamu Tezukas, med forenkla teikningar ofte med overdrivingar – best kjend er kanskje særtrekket med store runde augo som blir sett på som eit av mangakjenneteikna for eit internasjonalt publikum.

Gekiga («dramatiske teikningar»), eit namn Yoshihiro Tatsumi kom på, hadde ikkje fristar og gav derfor meir fridom med tanke på tid, noko som førte til meir kompleksitet og detalj, både i historier og kunst. Gekiga vart av denne grunnen sett på som overlegen kunstnarisk sett. Både manga og gekiga kunne bli leigd ut i spesielle butikkar. Desse butikkane vart likevel gradvis avskaffa i 70-åra, samstundes som manga-artistane forbetra seg i forhold til historie og kvalitet. Gekiga vert i dag brukt til å beskriva manga fokusert på realisme i teikningane.

Moderne manga

I Japan er no for tida er manga respektert både som ei kunstform og ein fritidssyssel, og populariteten dess er enorm i forhold motpartane i andre land. Til dømes er det vekentlege salet av manga tilsvarande til det årlege salet av amerikanske teikneseriar. I motsetning til vestleg kultur der teikneseriar ikkje har noka kulturell viktigheit, er manga sett på som ein viktig del av moderne japansk kultur. Manga er respektert som ei kunstform og som populærlitteratur, sjølv om det ikkje endå har nådd det same nivået som tradisjonell høgkultur som film og musikk.

Økonomisk sett er manga ein stor industri i Japan, med ei total omsetning på over 500 til 600 milliardar yen i året (dette tilsvarer cirka 35 til 43 milliardar norske kroner). Salet av manga er ein firedel av omsetninga for alle trykksaker i Japan. Det er estimert at det finst om lag 3000 mangaskapere i Japan, men dei fleste av desse er òg medhjelparar til meir kjende mangaskaparar eller har andre jobbar i tillegg. Det er rundt 300 som tener over gjennomsnittet på å laga manga aleine.

Dei fleste mangaar blir utgjevne i eigne magasin, ofte klassifisert etter målgruppe.

Hentai er nemninga på seriane som inneheld sterkt seksuelt ladde eller pornografiske tema.

Manga utanfor Japan

I tillegg til Japan, blir det òg produsert manga andre stader i verda, mellom anna OEL manga (original English-language manga). Desse har som regel eit meir vestleg preg. Eit døme er The Dirty Pair, gjeven ut av Dark Horse.

Tema

For di japansk kultur er såpass annleis frå vestleg, er òg tema og historier veldig forskjellige. Sidan manga er såpass populært i Japan finst det manga for nesten kvart eit tema, alt frå livet i ein kontorjobb til livet som sjørøvar. Mange er òg skrivne ut ifrå hendingar eller periodar i japansk historie (til dømes Kozure Ōkami), eller futuristiske plot som i Akira. Det finst svært få basert på historiske periodar i europeisk kultur, her er Berserk (basert på Europa i mellomalderen) ein velkjend tittel. Axis Powers Hetalia er ein annan serie som på ein humoristisk måte, og med personar til å representera landet i verda, tek for seg mykje av verdshistoria, men for det meste fyrste og andre verdskrigen. Bøker, spel og filmar har òg vorte gjort om til manga, kjende titlar her er Pokemon og The Legend of Zelda (basert på spela med same namn) og Vagabond (basert på boka Miyamoto Musashi av Eiji Yoshikawa).

Målgrupper

I Japan blir manga klassifisert etter målgrupper. Når manga vert presentert for eit vestleg publikum blir definisjonane ofte forandra, sidan kulturelle forskjellar forandrar grensene for kva utgjevarane meiner er sømeleg. Dei engelske utgjevingane har til dømes generelt sett aldersgrenser høgare enn den japanske målgruppa, til dømes er shōunen ofte klassifisert som 12 år eller over. Innhaldet er òg redigert i nokre samanhengar, også i samanheng med kulturelle forskjellar.

  • Seinen – Unge menn (omtrent 18-30 år)
  • Josei – Kvinner
  • Kodomo – Born
  • Shōujo (Shōjo) – Jenter og unge kvinner (omtrent 6- 18 år)
  • Shōunen (Shōnen) – Gutar og ungdom (omtrent 9-18 år)
  • Hentai – 18+ (Pornografisk)

Nokre kjende seriar

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Manga Soga åt mangaenManga TemaManga MålgrupperManga Nokre kjende seriarManga Sjå ògManga KjelderManga BakgrunnsstoffMangaFil:Ja-Manga.ogaJapanJapanskKanjiTeikneserie

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mari MaurstadParlamentarisme i kommunarSkattGaysirSvein HoldenUlrikstunnelenMoesgård MuseumSkjold-klasseRhinenGreskEselCyanPaparoa nasjonalparkVaktelSigmaAgnostisismeFinlandPannemerke i hinduismenKlaus Peter NickelStord kommuneLagerthaNepotismeDesiVarmekapasitetSymraEdward MordrakeMøreISBNTaylor SwiftKabaPlaneten JupiterSvartedauenChristianiaPolenHakkaRekonvalesensAureLiberalØystein SundeROBEKAndreas ScheiPeter Wessel TordenskjoldSluddMjølkInternettSunndalsøraVinkelfartHylkjeSunnmøreCristiano RonaldoUroksePalestinamandatetSnøleopardKvartalCotangensJean-Pierre ThiolletBBC PrimeGiovanni Pierluigi da PalestrinaKnut Jørgen Røed ØdegaardLotta i BråkmakergataStareDen norske språkstridenMichael JacksonPoNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973HolografiKirgisistanRokadeVassendgutaneTower of LondonProfessor emeritusOrinocodeltaetEstlandFresnelsoneBetaFemundenUndertaleBodø kommune🡆 More