Giga eller gigue er ein livleg barokkdans som har opphav frå den britiske giggen.
Han vart importert til Frankrike på midten av 1600-talet og finst vanlegvis som den siste satsen i ein suite. Han er vanlegvis i 3/8-takt, eller liknande taktar som 6/8, 6/4, 9/8 eller 12/16, men det finst òg nokre gigaer som er skrivne i andre taktartar (som til døømes gigaen i den første av Bach ein Franske suitar (BWV 812), som er skriven i 4/4). Dei har ofte ein kontrapunktisk tekstur. Det tredje taktslaget vert ofte lagt vekt på, og gigaen er derfor ein livleg folkedans. Komponistar som har komponert gigaer er mellom andre Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel.
På 1100-talet fanst ein liten fiolin kalla gigje. Ein av dansane som vart spelt med denne fiolinen fekk snart same namnet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dansen giga, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.