Latin is a dead language As dead as it can be.
Anonym skuleelev |
Dødt språk er eit omgrep ein kan bruka for eit utdøydd språk som framleis blir nytta i visse samanhengar. Språket blir rekna som «dødt» fordi det ikkje blir nytta i spontan tale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.
Døde språk blir nytta fordi dei speler ei rolle i visse samanhengar, til dømes til religionsutøving, som skriftspråk i samband med utdanning, vitskap og liknande, eller som eit fastsett standardspråk brukt til særskilde høve. Ein del slike døde språk blir kalla klassiske språk.
Språk | Døydde ut | Seinare bruk |
---|---|---|
Gammalgresk | 300-talet f.Kr. | Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur |
Gammalhebraisk | ca. 200 | Liturgisk språk i jødedommen; gjenoppliva rundt 1900 som moderne hebraisk |
Gammalsyrisk | 1300-talet | Liturgisk språk i den syriske kyrkja |
Klassisk arabisk | 800-talet | Liturgisk språk i islam, forløpar for moderne standard arabisk |
Klassisk kinesisk | ca. 200 | Litterært språk i Aust-Asia fram til 1900-talet |
Koiné | ca. 300 | Liturgisk språk i den gresk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar |
Koptisk | ca. 1500-talet | Liturgisk språk i den koptiske kyrkja fram til våre dagar |
Kyrkjeslavisk | Aldri eit talespråk; litterært språk fram til 1700-talet | Liturgisk språk i slaviske ortodokse kyrkjer som den russisk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar |
Latin | ca. 600 | Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur, liturgisk språk i den katolske kyrkja fram til våre dagar |
Pali | ca. 300-talet | Liturgisk språk i theravada-buddhismen fram til våre dagar |
Sanskrit | ca. 1100-talet | Liturgisk språk i hinduismen fram til våre dagar |
Sumerisk | 2000 f.Kr. | Brukt av skriftlærde i Assyria og Babylonia fram til ca. 500 f.Kr. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dødt språk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.