Coventry City Football Club er ein profesjonell fotballklubb heimehøyrande i Coventry i West Midlands i England.
Klubben vart skipa i 1883 og kom med i The Football League i 1919. KLubben spelte i 1. divsjon og Premier League samanhengande frå 1967 til 2001, den einaste perioden Coventry City har spelt toppserie-fotball. I 1987 vann laget FA-cupen gjennom siger 3 mot 2 i finalen mot Tottenham Hotspur på Wembley stadion.
Coventry City | |
Fullt namn | Coventry City Football Club |
---|---|
Kallenamn | "The Sky Blues" |
Grunnlagd | 13. august 1883 som Singers FC |
Heimebane | Coventry Building Society Arena (Kapasitet: 32 609) |
Styreleiar | Tim Fisher |
Hovudtrenar | Mark Robins |
Liga | EFL Championship |
Nettstad | www.ccfc.co.uk |
Coventry City spelar i lyseblå drakter. Highfield Road var heimebane frå 1899 til 2005, sidan då spelar laget på eit stadion med plass til 32 609 tilskodarar.
Fire Coventry-spelarar har gjort teneste for Englands landslag i fotball: Reg Matthews, Danny Thomas, Cyrille Regis og Dion Dublin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Coventry City, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.