Colette Besson (7.
april">7. april 1946–9. august 2005) var ein fransk sprintar frå Saint-Georges-de-Didonne som vart olympisk meister på 400 meter i 1968.
Colette Besson | |
Colette Besson på den olympiske sigerspallen i 1968 | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 7. april 1946 Saint-Georges-de-Didonne |
Død | |
Yrke | mellomdistanseløpar, sprintar, friidrettsutøvar |
Språk | fransk |
Høgd | 169 centimeter |
Colette Besson på Commons |
Besson overraska stort på 400 meter under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen. Med en gode tida 52,0 tok ho gullmedaljen framom favorittane Lillian Board frå Storbritannia (52,1)og Natalja Petsjonkina frå Sovjetunionen (52,2).
Året etter fekk Besson sølv på same distansen i europameisterskapen 1969 i Aten, slått på målstreken av landskvinna Nicole Duclos. Sølvmedalje fekk ho også i 4 × 400 m stafett, der ho som ankerkvinne vart slått i spurten av Lillian Board. Seinare klarde ikkje Besson å hevde seg i internasjonale tevlingar og la opp i 1977.
Ho døydde i La Rochelle av kreft.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Colette Besson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.