St.
Hanshaugen er ein administrativ bydel i Oslo som har 28 287 innbyggjarar (1. januar 2006) over eit areal på 3,6 km². Bydel St. Hanshaugen strekkjer seg mot nord opp til hovudanlegget til Norsk rikskringkasting på Marienlyst (Blindern) og til Ullevål, og i sør til Oslo domkyrkje og Youngstorget. I vest har bydelen grense mot Majorstuen-området og Fagerborg kyrkje, og i aust mot Iladalen og Grünerløkka. Bydelsadminstrasjonen har òg ansvaret for dei kommunale tenestene i sentrum av Oslo, som i denne samanhengen er geografisk avgrensa austover ved operahuset i Bjørvika og vestover attom Slottet og framfor Aker Brygge.
St. Hanshaugen er òg namnet på ein park i bydelen, og det er denne parken som har gjeve namn både til stroket kring parken og til bydelen. Bydelen har tidlegare hatt namnet St. Hanshaugen-Ullevål.
Kontora for administrasjonen for bydel St. Hanshaugen ligg i Stensberggata 25-27.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bydel St. Hanshaugen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.