Bybanen I Bergen

Bybanen i Bergen (Bybanen) er ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen, bygd etter bybanestandard.

Førebels har bybanen berre ei line, men det ligg føre planar om å bygge ut eit vidtfemnande linenett etter kvart. Det er offisielt vedteke at namnet på dette kollektivsystemet skal vere Bybanen i Bergen.

Bybanen i Bergen
Bybanen
Bybanen I Bergen
Transporttype Bybane
Stad Bergen i Noreg
Opna 22. juni 2010
Opna av Sonja av Noreg
Drift
Eigar Hordaland fylkeskommune gjennom Bybanen AS
Operatør Fjord1 Partner på vegner av Skyss
Sporlengde 20,4 km
Sporvidde 1 435 mm
Elektrifisering køyreleidning 750 volt
Linjer 1
Stasjonar 20
Passasjertal 31 000 dagleg
Vognmateriell
Vognar 12
Lengd 32,2 m
Breidde 2,65 m
Høgd 3,5 m
Vekt 40 tonn
Høgste fart 80 km/t
Høgste fart i drift 70 km/t
Passasjerar 212

Vedtaket om bygging av ei bybaneline frå sentrum mot Nesttun og deretter vidare til Bergen lufthamn Flesland over Sandsli og Kokstad vart gjort i 2000. Bygginga av fyrste byggesteget, strekninga mellom sentrum og Nesttun, tok til i januar 2008, og banen vart høgtideleg opna av dronning Sonja for ordinær trafikk 22. juni 2010. Andre byggesteget, frå Nesttun til Lagunen, opna 21. juni 2013. Tredje byggesteget, frå Lagunen til Bergen lufhamn Flesland opna fram til Birkelandsskiftet 15. august 2016, og fram til Flesland 22. april 2017. Bybanen fekk 5. oktober 2011 prisen som Worldwide Project of the Year av Light Rail Transit Association i London, Storbritannia og i 2012 Vakre vegers pris.

Standarden på linenettet

Bybanen i Bergen går stort sett i gateplan og i eigen trasé i bygatene inne i sjølve byen, men elles som eigen bane. Dette gjer det mogleg med raske og store sporvogner, og togsetta er 32 meter lange og har plass til 212 personar. Men av di det er etter måten mange kryssingar mellom banen og gater og vegar, og mellom banen og avkøyringar til eigedomar frå gater og vegar, kan marsjfarta ikkje alltid vere så høg som sporvognene er meint å køyrast i. Reisetida på den 9,8 kilometer lange strekninga mellom sentrum og Nesttun er ifylgje rutetabellen 25 minutt, og i gågata i Nesttun går sporvognene i sniglefart. På strekninga frå Lagunen til flyplassen er det ingen plankryssingar med køyreveg, og her vert det nytta høgste fart, 70 km/t.

Særskilde trafikkreglar gjeld for bybanen i høve til den andre trafikken på gater og vegar, slik det går fram av føresegnene for trikk og bane i dei generelle trafikkreglane. Annan trafikk har vikeplikt for toga på bybanen, medan bybanen korkje har vikeplikt for syklistar, bilistar eller gåande, sjølv ikkje for gåande i gangfelt. Ein informasjonskampanje om dette vart sett i gang i samband med at bybanen vart sett i drift. Det skjedde likevel nokre uhell i den fyrste tida bybanen gjekk i bergensgatene, men ingen av dei var alvorlege. Eit av uhella råka berre Bybanen. Under køyreopplæring femten dagar før opninga av banen, 7. juni 2010, kolliderte to av vognsetta i låg fart i eit kryssingsspor ved endestoppet nær Byparken i Bergen sentrum. Ingen personar vart skada, men begge vognsetta fekk skader; det eine av dei så store skader at det ikkje kunne nyttast i lang tid etterpå.

Frå 24. mars til 2. april 2011 var Fageråstunnelen stengd fordi ein av køyreledningane måtte utbetrast. Banen gjekk som normalt frå Byparken til Wergeland.

Historie

Bybanen I Bergen 
Bybanen i Bergen den fyrste dagen med passasjerar
Foto: Nina Aldin Thune
Bybanen I Bergen 
Bybanen på veg til Byparken med dronning Sonja som fyrste offisielle passasjer
Bybanen I Bergen 
Kronstad haldeplass
Bybanen I Bergen 
Bybanen i Bergen under bygging

Framlegg om å byggje bybane i Bergen vart fyrst gjort allereie då drabantbyane rundt byen oppstod på slutten av 1960-talet og 1970-talet. Den fremste talsmannen var då NKP-politikaren, seinare SV-politikaren, Bjørn Gullachsen. Men det vart ikkje noko av framlegga. Ikkje før på slutten av 1980-talet, med aukande trafikkproblem og som fåfengt vart freista løyst med nye, storslegne vegutbyggingar, vart ideane fremja på nytt, med miljørørsla, einskilde politikarar, og bergenskjendisar som forfattarane Gunnar Staalesen og Erling Gjelsvik, i brodden. I 2000 vedtok bystyret, mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet, å byggje bybanen dersom finansiering kom på plass. Hausten 2005 vart prosjektet vedteke etter å ha vorte del av Nasjonal transportplan, ein plan for transporten i Noreg som vert vedteke av Stortinget for ti år og revidert før stortingsvalet kvart fjerde år. Også i 2005 vart vedtaket om bygginga av bybanen gjort mot røystene til Framstegspartiet. Kort tid etter tok byggearbeidet til.

Prosjektet hadde vore kontroversielt lenge. Kritikarane frykta mellom anna at bybanen ville verte eit pengesluk som vil føre til svakare kollektivtilbod i dei store områda der banen ikkje var til nytte. I 2006 starta ei gruppe kritikarar ein underskriftskampanje med krav om å leggje prosjektet fram for folkerøysting. Då partiet Høgre valde å gå mot dette, vart kravet avvist, enno ein gong mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet. Gaia Trafikk, som stod for busstransporten i Bergen på denne tida, gjorde eit fåfengt framlegg om å byggje vegar for sporbuss, også kalla metrobuss, i staden for bybane.

Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på Flesland

Bybanen frå Bergen sentrum fram til Bergen lufthamn, Flesland var planlagt i tre byggesteg. Det første byggesteget var strekninga frå sentrum til Nesttun, som var ferdig i 2010, det andre var strekninga frå Nesttun til Rådal/Lagunen Storsenter, som var ferdig sommaren 2013, og det tredje, frå Lagunen til flyplassen, var ferdig og teke i bruk fram til Birkelandsskiftet terminal i august 2016, og heilt fram til Flesland haldeplass, som ligg under terminalen på flyplassen, i april 2017.

Byggesteg 1: Byparken – Nesttun

Bybanen på strekninga mellom Byparken i Bergen sentrum og Nesttun vart opna for vanleg trafikk den 22. juni 2010. Bygginga hadde teke til i januar 2008. Byggeprosessen var splitta i anbod, der åtte føretak hadde ansvaret for kvar si strekning. I desember 2009 var bygginga av sjølve banen ferdig, inklusive ei bru over sundet Straumen mellom Puddefjorden og Store Lungegårdsvann fire tunnelar. Traseen er 9,8 kilometer lang. Banen er bygd med med dobbeltspor heile vegen, slik at det til saman er lagt rundt 39,2 kilometer med skjener.

Totale kostnader for fyrste byggesteget var rekna til 2 200 millionar 2007-kroner.

Byggesteg 2: Nesttun – Lagunen

Reguleringsplanen for traseen mellom Nesttun og Rådal/Lagunen vart godkjend i bystyret våren 2008. Dei førebuande byggearbeida byrja sommaren 2010. Sjølve byggearbeidet starta 7. januar 2011. Regjeringa gjorde 26. mars 2010 vedtak om at bompengeordninga for innfartsvegane kan halde fram, slik at byggetrinn 2 til Rådal/Lagunen kan finansieras. Investeringane blir jamt delte mellom fylkeskommunen og ved bompengefinansieringa. Ei fråsegn frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa tyder på at det kan verte ein føresetnad for statleg stønad at Bergen kommune sett i verk køprising på innfartsvegane, det vil seie at bompengetakstane for køyring inn til sentrum vert høgare enn elles i dei tidene på døgeret då trafikken er størst: "I den grada Bergen oppfyller vilkåra for middel frå Belønningsordningen kan desse midla nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil likevel stille strenge krav til trafikkregulerende tiltak for tildeling av belønningsmidler."

Byggesteg 2 vart ferdig sommaren 2013.

Byggesteg 3: Lagunen – Flesland

Byggjearbeidet på lina frå Lagunen til Bergen lufthamn Flesland vara til sumaren 2013, og vart for det meste ferdig august 2016. Men sidan dei ikkje rekte å byggje ferdig til den nye terminalbygninga på flyplassen, opna banen berre fram til Birkelandsskiftet terminal for ordinær trafikk 15. august 2016. Her er bybanehaldeplassen kombinert med ein terminal for rutebussar, og passasjerane måtte nytte buss på resten av strekninga. Banen opna for ordinær trafikk 22. april 2017 heilt fram til flyplassen.

Mellom Lagunen og flyplassen er det 6,81 kilometer dobbeltspor og sju haldeplassar: Råstølen, Sandslivegen, Sandslimarka, Kokstad, Birkelandskiftet, Kokstadflaten og Bergen lufthamn Flesland. På strekninga er det seks tunnelar, tre bruer, seks kulvertar og tre gangbruer. Krysningar av køyrevegane er planfrie, men det er overgangar for fotgjengarar langs banen, særleg i samband med haldeplassane. Mellom haldeplassane går Bybanen med si høgste fart på denne strekninga, som er på 70 kilometer i timen.

I samband med bygginga av strekninga frå Lagunen til Bergen lufthavn vart det bygd ein permanent verkstad med depot på Kokstad, ikkje langt frå endehaldeplassen på Bergen lufthamn Flesland. Her er det plass til 50 vogner med ei lengd på 42 meter kvar, og dette er nok til å dekkje ei utviding av bybanenettet med inntil 40 kilometer. Her er det testspor, vognhall på 10 000 m², verkstad, vaskehall, lager, kontor, til saman 22 000 m² med bygningar. Omlag 50 vil ha arbeid her.

Vognmateriell

Vognene på bybanen er av typen Variobahn frå tyske Stadler Pankow. Kvart av vognsetta har totalt 212 plassar; av dette er 84 sitteplassar. Vognsettet kan forlengast med 10 m, og dette er førebudd både teknisk og avtalemessig. Til byggesteg 1 er det levert 12 vogner. For byggesteg 2 frå Nesttun til Lagunen er det planlagt med fire vognsett i tillegg. Kontrakten inneheld ein opsjon på ytterlegare 20 vognsett. Bybanen vil ha trådlaust Internett for passasjerane.

Tekniske data:

Lengd: 32,2 m Breidde: 2,65 m Høgd: 3,5 m Vekt: 40 tonn Høgste fart: 80 km/t (maks 70 km/t i drift) Vognsetta er bygd som leddvogner, utan skiljevegger mellom dei partene vognsetta er sett saman av. Det er førarplass i kvar ende av vognsetta, og soleis ikkje bygd sporsløyfer ved endestasjonane.

Drift

Hordaland fylkeskommune ved sitt kollektivtransportselskap Skyss har det overordna ansvaret for drifta av Bybanen, og sett i 2008 drifta ut på anbud. Det skulle konkurrerast om ein driftskontrakt på 7 år, med høve til to års forlenging. Kontrakten skulle inkludere drift av Bybanen og dessutan trafikkstyring. Drift og vedlikehald av infrastrukturen og forvaltning av rullande materiell (gjennom ein vedlikehaldsavtale med vognleverandøren Stadler Pankow GmbH) vil bli gjort av eit eige fylkeskommunalt selskap som vil heite Bybanen AS. Bybanen AS vil vere Hordaland fylkast parallell til Jernbaneverket. Ved utløpet av fristen 16. desember 2008 hadde følgjande fire leverandørar levert inn tilbod på drift av Bybanen:

  • Fjord1 Partnar AS
  • NSB AS
  • Tide Bane AS
  • Veolia Transport Noreg AS

Fjord1 Partnar vann til slutt anbudet, og må saman med Bybanen AS, ha dei naudsynte løyva frå Statens jernbanetilsyn.

Prognosen for talet på passasjerar for Bybanen på strekninga Sentrum-Nesttun er 13,5 - 16,5 mill (45 000 pr. arbeidsdag) i 2015. Med ein gjennomsnittsfart på 27 km/t mellom sentrum og Nesttun blir reisetida 21 minutt. Gjennomssnittsfarten mellom Nesttun og Lagunen er utrekna til 33 km/t.

Stasjonar

Stasjonene og den visuelle profilen til Bybanen er utforma av CUBUS, Fuggi Baggi Designar og Kontrapunkt. Stasjonane på B1 og B2 ligg på gatenivå, og har billettautomatar og dynamiske skjermar som syner når toga kjem. Plattformene er på nivå med golvet i vognene, slik at passasjerar i rullestol eller med barnevogn kan kome seg lett på og av. Stasjonane er dimensjonert for 44 m lange vognsett, men førebels er vognsetta hovudsakleg 32 meter lange.

Bergen kommune har tillate tettare utbygging rundt stasjonane, og vil at dei fleste nye bustadene i desse delane av Bergen skal byggjast i tilknytnad til banen. Utbyggingsprosjekt for områda kring stoppestadene Slettebakken, Wergeland, Paradis og Lagunen har vorte annonserte av private utviklarar. Mange av stoppestadene ligg i bustadområde, og prosjekta har møtt mykje motstand frå folk som fryktar at nabolaga deira vil bli radikalt endra.

I vognene vert kvar stasjon annonsert med ein eigen melodisnutt laga av musikar og stortingsrepresentant Snorre Valen. Melodiane er tilknytte stasjonane. [1]

Linjekart

Bybanen I Bergen 
Linjekart

Førebels linjekart for 1., 2. og 3. byggesteg.

Teiknforklaring
Bybanen I Bergen  Byparken
Bybanen I Bergen  Christies gate
Bybanen I Bergen 
Bybanen I Bergen  17. mai-pensen
Bybanen I Bergen  Strømgaten
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Nonneseter Bergen stasjon
Bybanen I Bergen  Østre Strømkaien
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Bystasjonen
Bybanen I Bergen  Bybanen I Bergen  Fjøsangervegen
Bybanen I Bergen  Nygårdsgaten/Lars Hilles gate
Bybanen I Bergen  Nygård
Bybanen I Bergen  Fv256 Nygårdsgaten/Fv272 Thormøhlens gate
Bybanen I Bergen  Florida
Bybanen I Bergen  Fv256 Nygårdsgaten
Bybanen I Bergen  Nygårdsbroen
Bybanen I Bergen  Møllendalsveien
Bybanen I Bergen  Fv255 Ibsens gate
Bybanen I Bergen  Danmarksplass
Bybanen I Bergen  582N Bjørnsons gate
Bybanen I Bergen  582N Inndalsveien/Bjørnsons gate
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Bybanen testspor
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Kronstad depot
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Vossabanen
Bybanen I Bergen  Kronstad
Bybanen I Bergen  582N Inndalsveien
Bybanen I Bergen  Brann stadion
Bybanen I Bergen  582N Inndalsveien
Bybanen I Bergen  Wergeland
Bybanen I Bergen  Fageråstunnelen (663 m) Fv252 Hagerups vei
Bybanen I Bergen  Fageråstunnelen (663 m)
Bybanen I Bergen  Wiers-Jenssens vei
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Sletten
Bybanen I Bergen  Slettebakken
Bybanen I Bergen  Slettebakkstunnelen (412 m)
Bybanen I Bergen  Fantoft
Bybanen I Bergen  Fantofttunnelen (1 107 m) 585 Sandbrekkevegen
Bybanen I Bergen  Fantofttunnelen (1 107 m)
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Paradis
Bybanen I Bergen  Tjernvegen
Bybanen I Bergen  Tveiteråstunnelen (443 m)
Bybanen I Bergen  Nesttunvassdraget
Bybanen I Bergen  Hop
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Fråsettingsspor etablert i byggesteg 2
Bybanen I Bergen  Sanddalsvegen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  9,8 km Nesttun
Bybanen I Bergen  byggesteg 1 (opna 22. juni 2010)
byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
Bybanen I Bergen  10,2 km Nesttun sentrum
Bybanen I Bergen  Gamle Vossabanen (nedlagt)
Bybanen I Bergen  Nesttunhaugtunnelen (450 m)
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  10,9 km Skjoldskiftet stasjon på bru over 582 Fanavegen
Bybanen I Bergen  11,4 km Mårdalen
Bybanen I Bergen  Skjoldtunnelen (400 m)
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  12,3 km Skjold
Bybanen I Bergen  Sætervegen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  13,2 km Lagunen
Bybanen I Bergen  Bybanen I Bergen  Fanavegen
Bybanen I Bergen  byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
byggesteg 3
Bybanen I Bergen  Folldalstunnelen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Råstølen
Bybanen I Bergen  Steinsviktunnellen
Bybanen I Bergen  Steinsvikvegen
Bybanen I Bergen  Feråstunnelen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Sandslivegen
Bybanen I Bergen  Sandslimarka
Bybanen I Bergen  Sandslitunnelen
Bybanen I Bergen  Ytrebygdsvegen
Bybanen I Bergen  Kokstad
Bybanen I Bergen  Bybanen I Bergen  Flyplassvegen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Birkelandsskiftet
Bybanen I Bergen  Bybanen I Bergen  Flyplassvegen
Bybanen I Bergen  Birkelandsskiftet
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen 
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Kokstadflaten
Bybanen I Bergen  Fleslandtunnelen
Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen Bybanen I Bergen  Flesland haldeplass Bergen lufthamn, Flesland
Bybanen I Bergen  Vendespor

Vidare utviding

Bergensprogrammet, vedteke i Stortinget 2002, stadfestar at banen fyrst skal byggjast frå Bergen sentrum til Nesttun, og vidare fram mot Flesland i ein neste runde.

Det er under planlegging ei ny banestrekning frå Åsane(nord for Bergen sentrum) via Kronstad til Kristianborg, gjennom fjellet Løvstakken til Oasen i Fyllingsdalen (vest for Bergen sentrum). Kommunen har òg presentert meir ambisiøse planar der linja blir utvida frå Fyllingsdalen til Loddefjord, med ytterlegare høve til utvidingar både nordover og vestover til nabokommunane.

Spørsmålet om kor langt bybanen skal gå var ei viktig valkampssak under kommunevalkampane i Bergen i 2003 og 2007. Då Frp gjekk til val på motstand mot bybanen og kom inn i byrådet hausten 2007, vart det tvilsamt om bybanen ville gå lengre enn til Nesttun. Men etter forhandlingar med byrådskompanjongane KrF og Høgre gav Frp seg på dette, og byrådet går no inn for full utbygging fram til Flesland. Frp trekte seg i 2009 frå byrådssamarbeidet fordi Frp sitt landsmøte nektar Frp lokalt å røyste for auka bompengefinansiering. Ansvaret for bybaneutbygginga vart i 2007 flytta frå Bergen kommune til Hordaland fylkeskommune.

NSB har for eiga rekning lagt fram planar om ein jarnbane frå Bergen sentrum om Fyllingsdalen til Flesland. Jernbaneverket arbeider med planar om ei godstoglinje mellom Bergen sentrum og Flesland.

Prisar

  • 2011: Worldwide Project of the Year
  • 2011: Light Rail Awards i kategorien årets prosjekt
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger
  • 2012: Vakre vegers pris
  • 2012: Kollektivtrafikkprisen
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger

Bakgrunnsstoff

Bybanen I Bergen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Bybanen i Bergen

Kjelder

Tags:

Bybanen I Bergen Standarden på linenettetBybanen I Bergen HistorieBybanen I Bergen Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på FleslandBybanen I Bergen VognmateriellBybanen I Bergen DriftBybanen I Bergen StasjonarBybanen I Bergen LinjekartBybanen I Bergen Vidare utvidingBybanen I Bergen PrisarBybanen I Bergen BakgrunnsstoffBybanen I Bergen KjelderBybanen I BergenBergenBybane

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LillaViktor OrbánKurveNasjonalplantarGreatest Hits 1982–1989Minar-e-PakistanElvdalskFilmen Harry Potter og ildbegeretBack in the U.S.S.R.CataloniaFilmserien OlsenbandenRånarLinn UllmannVassfjelletShetlandsbussenAlbumet Money for NothingLemmingVetteOlav II av NoregKristina av SverigeMS «Framstig»Professor emeritus1965Mona LisaDominicaAksla14. desemberBob MarleyTidlegare kommunevåpen i NoregRhinenReinfjordUkrainaFylkesveg 363Kapp VerdeBuddy HollyGiant's CausewayPanterNibiruEllen Nikolaysen1799Gauklaget i SkaunMatt McGinnImbitubaJordskjelv i 2020GrunnstoffErik AndersenEselAsker kommuneSunnhordlandske ord og vendingarElgantilopeStord kommuneCosta RicaDavid KnopflerÉdessa i HellasAurgjeldingHerreSpekkNew OrleansBravoByar i NoregAnne-Karine StrømURLLa BambaSaint-DizierMarina OvsiannikovaNedbørLatviaDílosAlmopíaNintendo 3DSYacouba Isaac ZidaColombiaStorbritanniaWillie Nelson1993Haakon Magnus av NoregEgil Østenstad🡆 More