Buyei eller bouyei (eigennemning buxqyaix; 達斡爾族, pinyin bùyīzú) er eit av de 55 offentleg erkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina.
Ifølgje folketeljinga i 2000 var det 2 971 460 buyei i Kina. 94 % av buyeifolk bydde då i provinsen Guizhou, og elles i Yunnan, Guangdong, Zhejiang og Guangxi.
Buyeifolk er kjend for sine hus. Heile huset, også taket, er bygt av stein. Dei andre stammefolka som lever i og nær deira område, nyttar vanlegvis tre i husbygginga.
Einast dialektskilnader skil buyeifolk frå minoritetsfolket zhuang. Den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer knivskarpt dei politiske grensene. Dette gjer at vitskapsfolk utanfor Kina stiller spørsmål ved om det er rett å rekne buyei som eit eige minoritetsfolk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Buyei, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.