Guizhou er ein provins i dei sørlege, midtre delane av Folkerepublikken Kina.
Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 37,96 millionar. Guiyang er hovudstad i provinsen.
Guizhou | |||
provins | |||
Offisielt namn: 贵州, Guìzhōu | |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 176 167 km² | ||
Folketal | 38 562 148 (1. november 2020) | ||
Guizhou 26°50′00″N 106°50′00″E / 26.833333333333°N 106.83333333333°E | |||
Plasseringa av Guizhou i Kina | |||
Wiki Commons: Guizhou | |||
Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.
Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.
Området vart ei administrasjonseining under Tang-dynastiet, og fekk namnet Juzhou (矩州). Under det mongolsk-leia Yuan-dynastiet vart skriftteiknet 矩 (ju, 'tømmermannsvinkel') endra til 貴 (gui, 'verdifullt' eller 'dyrt').
Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.
Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.
Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.
Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.
Guizhou vart formelt ein provins i 1413.
Etter nasjonale økonomiske reformar som byrja i 1978, vart Guizhou den fattigaste provinsen i landet.
Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.
55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.
Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer. Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.
Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:
Kart | # | Namn | Hanzi (S) | Pinyin | Administrasjonssete |
---|---|---|---|---|---|
— Byprefektur — | |||||
2 | Zunyi | 遵义市 | Zūnyì Shì | Honghuagang | |
4 | Liupanshui | 六盘水市 | Liùpánshuǐ Shì | Zhongshan | |
6 | Guiyang | 贵阳市 | Guìyáng Shì | Yunyan | |
5 | Anshun | 安顺市 | Ānshùn Shì | Xixiu | |
— Prefektur — | |||||
1 | Bijie | 毕节地区 | Bìjíe Dìqū | Bijie | |
3 | Tongren | 铜仁地区 | Tóngrén Dìqū | Tongren | |
— Autonome prefektur — | |||||
7 | Qianxinan for buyei og miao | 黔西南布依族苗族自治州 | Qiánxī'nán Bùyīzú Miáozú Zìzhìzhōu | Xingyi i Guizhou | |
8 | Qiannan for Buyei og miao | 黔南布依族苗族自治州 | Qiánnán Bùyīzú Miáozú Zìzhìzhōu | Duyun i Guizhou | |
9 | Qiandongnan for miao og dong | 黔东南苗族侗族自治州 | Qiándōngnán Miáozú Dòngzú Zìzhìzhōu | Kaili i Guizhou |
Dei ni einingane er delt opp i 88 einingar på fylkesnivå (14 distrikt, 7 byfylke, 55 fylke, 11 sjølvstyrande fylke og 1 spesialdistrikt).
Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Sun Zhigang. Guvernøren er Shen Yiqin (2020).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guizhou, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.