roarjo/Historie Peru Artikkeloversikt

Håper fleire fattar interesse for emnet og skriv på artiklane.

Kommenter gjerne under. roarjo 7. juli 2005 17:40 (UTC)

Notat om kjelder og andre omstende for kvar artikkel

===Andes=== omsetjing frå no:, ikkje sjekka ===Bartolomé de Las Casas=== lagt til to avsnitt. Utgangspunktet er dels ein kommentar på en:Talk:Bartolomé_de_Las_Casas. Las Casas klaga direkte eller indirekte over kyrkja sitt menneskesyn om urfolk i Amerika, indianarar var ikkje å rekne som menneske etter kyrkja sitt syn, noko kyrkja endra på i ein bulle frå paven i 1537. Kjelde: [2]. Det ser òg ut som at dette var ei drivkraft for «dei nye lova» frå 1542. Året 1500 kan være omtrentleg. Det ser ut som at Columbus hadde ein føretaksidé om å frakte slavar frå Amerika til Europa for sal. Dette sette krona seg beint i mot, krona godkjende heller ikkje slaveri i Amerika. Det som er rett er at 1500 er året då dronninga definerte indianarar som undersåttar og likeverdige europearar [2].

Hadde først «feil» årstal på Brevísima relación de la destrucción de las Indias. Kjelder har ulike årstal av årsaker eg ikkje veit. Nytt korrekt? årstal er 1552. Eg er likevel i tvil om at setninga Som ein av undersåttane til kong Filipp II av Spania… er bra. Setninga er ein arv frå engelsk versjon. Har lest ein stad at Las Casas skreiv for Karl V alias Carlos I. Det lyder betre fordi Karl/Carlos var konge av Spania fram til 1556. Så setninga bør vere: Som ein av undersåttane til kongen av Spania… , etter mi meining. ===Cajamarca=== omsett deler frå en: Cajamarca har og ei tyding som ein «kulturell periode» som ikkje kjem fram her ===Caral=== bygd på informasjon på fleire nettstader. Her er truleg fleire arkeologar som kjemper om merksemd for dei siste funn i Caral. Det er usemje om dateringar, nokon seier 3000-1800 f.Kr andre 2627-2020 eller 2600 + 1000 år. Ein nettstad http://207.152.99.201/forum/db/2/38.html nemner funn av avokado, men dette seier ingen andre noko om så eg trekker det førebels tilbake. ===Chavín=== omsetjing frå en: med justering frå [2]. Mykje litteratur, artikkelen kan gjerast lang ===Chimú=== litt frå en: litt frå [2] og [3], et par setningar frå en:Chimor er utegløymt, artikkelen kan gjerast lang ===Coricancha=== Ikkje heilt ferdig frå mi side. Soltemplet på norsk, smått med litteratur om det, finn heller ikkje artiklar på andre språk i wikipedia. Stoffet er tatt frå [6] og [7] under. Opplysning om quechua-navnet fann eg [[1]]. Skrivemåte ofte med K. Trur «den oktogonale fontene» hogd ut frå ei steinblokk, dekt med 55 kg gull er identisk med «brønnen», skal sjekke og ev. rette. ===Cumbe Mayo=== frå en: ===Cuzco=== liten spire, mest frå sv:, noko er ikkje tatt med, med overlegg, artikkelen kan gjerast lang ===Encomienda=== syntese frå noen sider i [2], årstalet 1493 er teke frå ei nettside i Columbus Page hos Millersville University of Pennsylvania, etterpå såg eg at tysk wikipedia seier 1503, eg set lit til nettside i Columbus Page. Innleiing inspirert frå same nettside. ===Felipe Guaman Poma de Ayala=== inspirert av ei bok som drøfta kjelder, trur (men er ikkje sikker) det var boka Hammond Innes, Conquistadorene, Tiden (1969), den viser mange teikningar frå Guaman Poma si bok ===Inka=== definisjon frå Fuglestad[2]. Dette går (kanskje) litt på tvers av den tyskspråklege artikkelen og Die Inka waren ein südamerikanisches Indianervolk. Inkariket var ikkje eit rike der «inkafolket» budde, folket var som før. imperia kjem og går, men folket og dei små einingane ayullus står ved lag. Inkaen var herskaren og dei næraste.

Inkariket

Status på artikkelen slik han vart lagt inn 6. september: meir uferdig enn andre artiklar. Mest ei redigert samling notat som er gjort medan dei korte artiklane om Peru si historie blei skrive. La inn artikkelen for å få korreksjonar og bidrag frå andre wikipedianarar. Det manglar t.d. avsnitt om riket si historie og om post- / meldingssystemet. Framstillinga i artikkelen no er kan hende noko romantisk og rosenraud, her manglar innslag om brutalitet: handsaming av kriminelle og krigsfangar, ofringar osv. Har blitt merksam på at ikkje all ekspansjon gjekk føre seg med krig, nokre territorium kom inn etter diplomati og tingingar. Og så bør det vere noko om handel og kontakt med andre, eit kontroversielt tema. Påstandane " -kan hende var Tawantinsuyu større enn samtidige Ming-Kina og Det ottomanske riket " kjem frå innleiinga i Mosley si bok. Same kjelde for påstand om vegkvalitet i inkariket. Sjå òg Inkavegane. - roarjo 7. september 2005 kl. 06:27 (UTC)

    Huskelapp: Sjekk status "Inkaflagg" Roarjo 7. mars 2006 kl. 22:49 (UTC)

===John Hemming=== omsetjing frå en: ===Kulturelle periodar i Peru=== kopi av en: ===Lambayeque-regionen=== mest frå notat. Lambayeque er òg eit mindre distrikt, ein by og ein dal.

Moche

Nazca-kulturen

Nazca er og ein by, og eit område for Nazcalinjene

Omsetjing frå den engelske teksten var innfløkt grunna upresise formuleringar der. Eksempel: 8 fasar, og referanse til fase IX. Trur artikkelen må gjerast betre, skal få fatt i Moseley-boka og sjå om der er hjelp å få, om ingen andre kjem meg i forkjøpet. roarjo 31. august 2005 kl. 17:36 (UTC)

===Pachacútec=== frå en: årstal i figur nede til høgre på sida på en: er ikkje bra, Chimú vart erobra innan 1470. Om det brukte bilete Fil:Pachacutec-small.png: Eg har lasta opp frå en:, men kan ikkje gå god for at den som lasta opp der først hadde rett på den fysiske fila. Eg veit ikkje kor streng nynorsk wikipedia skal vere på det. ===Paracas-kulturen=== noe frå es: «Å gjere»: Sjekke omsettjing av staten i den andiske verda. Dette var jo ein kystkultur.. I parentes merka: Paracas er òg ein maritim nasjonalpark og ei halvøy. På halvøya finnes den mystiske «El Candelabro», ein 128 meter høg figur i sanda som må sjåast frå avstand i båt. Har ikkje hørt nokon vitskapeleg forklaring, somme seier det er eit sjømerke frå kolonitida, men.. Man kan observere fleire titals sjøfuglartar i parken - Paracas - og øyane Ballestas og San Gallan. ===Quechua=== litt frå en: Foreslår å slette omgrepa waywash og wanp'un, berre bruke quechua I og II i avsnitt om dialektar.

Talet på quechua-brukarar, bra som det står nå. Sjå Ågot Bergli - Doktorgrad på quechua-språk. Status i Peru i dag er 3,5-4,4 mill. + South Bolivian Quechua 3,6 (1987) + noe smått. 17 mill på svensk wiki er mykje for høgt.

Sacsayhuamán

Kjelder og talfakta

Mange tal om Sacsayhuamán synast lite presise. John Hemming har estimert vekta på stor steinblokk i muren til 361 metriske tonn. Andre berekningar kan variere frå 200 til 400 tonn. Problema i utrekningar kan mellom anna ligge i kunne om kor stor del av blokka som ligg under bakkenivå.

Hemming oppgjev lengda til 400 yards. Andre kjelder seier opptil 600 meter eller 0,5 mile. Det kan vere at lengste mål er effektiv lengde langs ”sikksakkane” som vert vesentleg lengre enn om ein måler avstand i terrenget som muren dekkjer.

Det finst mykje spekulasjonar og mystisisme rundt byggemåten og om kjelder for stein som gjekk inn i muren. Ann Kendalls bok frå 1973 er kan hende utdatert på dette, men verkar pålitande. Man må først hugse at folket ikkje hadde andre metall enn koppar og tinn, at dei ikkje hadde kløvdyr, vogn eller hjul var ikkje i bruk og det fanst heller ikkje dragdyr eller ridedyr motsvarande hest.

Korleis dei braut ut steinklokkar frå fjellet, og transporten (Kendall)

Dei bora hol, la inn tørt triverke som vart vatna og så vart sprengkrafta utnytta når trevirket ekspanderte, mulig òg med hjelp frå brekkstenger. Tre slags stein gjekk med i bygninga:

  1. Dei største (granitt?-) steinane vart hogd ut på staden.
  2. Kalksteinane vart tatt frå Yucan – 15 km borte.
  3. Svart andesitt til bygningar inne i festninga kom frå Huaccoto (15 km) og Rumicolca (35 km)

Tau, rollestokkar og stort tal av menneske vart nytta til transport. 20 000 menn tok del i arbeidet, av dei mista 3000 livet. - roarjo 5. september 2005 kl. 16:36 (UTC)

Sicán

Sipán

===Tiwanaku=== (gamal form: Tiahuanaco) begge formar i bruk, valde det som sv: og en: nyttar. Tidsalderen varierer med ulike kjelder, sjå t.d. tysk og engelsk, begge er trulig like «rett» (men den engelske har to versjonar). Interesserte kan sjå Archaeology Research in Peru by Bruce Owen, sjå avhandlinga, kapittel 1, figur side 16. Tiwanaku rundt Titicaca fase V vara frå 725 til 1000. (Nye grein frå 1100 Pacajes varte mykje lengre) Sitat frå same kjelde:

      Originating on the southern shores of Lake Titicaca as early as AD 100, Tiwanaku was one of the largest and longest-lived indigenous states in the New World. Both its expansion after about AD 400 and its decline around AD 1000 had repercussions throughout the south central Andes. During the Tiwanaku IV phase, from about AD 375 to 725, most of the monumental architecture and agricultural works around Tiwanaku's urban core were constructed.

Her vert det òg vist til ei kjelde som trur folkesetnaden i byen var 115 000.

    Artikkelen handlar om byen Tiwanaku, men som sitatet over seier, var Tiwanaku òg ein stat – med eit territorium. Roarjo 31. okt. 2005 kl. 18:48 (UTC)

===Viracocha=== frå en: siste setning basert på Daniel G. Brinton, 1882, «skum på havet» gjer meining til legenda om Kon-Tiki Viracocha frå Tiahuanaco i Bolivia som forsvann ut på Stillehavet, frå Ecuador [4] - det har eg ikkje nemnd.

    Inti er kjent som solguden, ikkje Viracocha. Må sjekkast / fiksast. Roarjo 5. februar 2006 kl. 22:05 (UTC)

Litteratur, felles

  1. John Hemming, The Conquest of the Incas, Macmillan (1970)
  2. Finn Fuglestad, Latin-Amerika og Karibiens Historie, Cappelen Akademiske Forlag (1994)
  3. Michael E. Moseley, The Incas and their ancestors, Thames and Hudson (1992)
  4. Thor Heyerdahl, Skjebnemøte vest for havet, Gyldendal (1992)
  5. Add Kendall, Everyday Life of the Incas, Batsford ltd, London (1973)
  6. Anda, Steinar og Jørgen Blitzner, Peru, skatter skjult i jungel, gjemt i sand, Eide forlag (2004), ISBN 8251406692
  7. Rachowiecki, Rob, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)

roarjo 7. juli 2005 20:53 (UTC)- med fleire oppdateringar

Huaorani og Yasuní nasjonalpark

Den engelske artikkelen plasserer territoriet i Napoprovinsen. Trur det må vere lengre aust. Må sjekkast med kart o.l. Orellana og Pastaza? grovt kart Roarjo 5. februar 2006 kl. 21:49 (UTC)

    Om dette kartet er rett, ligg både Yasuní nasjonalpark og Huaoraniterritoriet i Orellanaprovinsen og Pastazaprovinsen, (til saman er parken og territoriet The Yasuní Biosphere, Reserve is made up by the Yasuní National Park and the Huaorani Ethnic Reserve, sitat frå Oilwatch, Ecuador. Kjelda for forvirringa er UNESCO som ikkje har fått med seg at Napo blei delt i to provinsar i 1998. I tillegg har det vore mykje fram og tilbake med grenser og storleik på parken frå styresmakta si side. Roarjo 8. februar 2006 kl. 21:46 (UTC)

Forslag artiklar

Latinamerikaemne som går på tvers av dagens nasjonalstatar:

  • spansk kolonialisme i Amerika
  • den katolske kyrkja i spansk Amerika
  • den latinamerikanske frigjeringa frå Spania
  • regnskogen i Amazonas:
    • urfolk i Amazonas
    • språk i Amazonas
    • økosystem og økologi i Amazonas
    • industriell aktivitet i Amazonas
  • kolonial arkitektur

Dagens Ecuador:

(Bakgrunn: landet har òg høgast biodiversitet pr areal i verda, er nummer to i verda på endemiske artar, har minst 24 distinkte etniske grupper)

  • folkesetnad og demografi i Ecuador utdanning
  • økologi og økosystem i Costa og Sierra i Ecuador miljøstatus
  • økonomisk utvikling i Ecuador
  • religion i Ecuador
  • politikk i Ecuador
  • kunst og litteratur i Ecuador
  • folkerørsler i Ecuador utanfor politiske parti
  • agrikultur, aquakultur og fiske i Ecuador
  • Galapagosøyane

Roarjo 7. mars 2006 kl. 22:49 (UTC)

Tilbake til Roarjo/Historie Peru artikkeloversikts brukerside.

Tags:

roarjo/Historie Peru Artikkeloversikt Notat om kjelder og andre omstende for kvar artikkelroarjo/Historie Peru Artikkeloversikt Ecuadorroarjo/Historie Peru Artikkeloversikt Forslag artiklarroarjo/Historie Peru ArtikkeloversiktBrukar:Roarjo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HurtigrutaNitrogenLeiingSanta Cruz de TenerifeIngrid Alexandra av NoregRMS «Titanic»PandaDet ukrainske alfabetetDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenPeriferien Sentral-HellasSildRitsónaSola kommuneApureJantelovenEurovision Song Contest 2023RugdeAitikgruvaNorsk folkedansImportordMilanoRagnhild BrochmannBjørgvinEriniáAndre verdskrigenDUF-nummer2088Det indiske kastesystemetPjotr TsjajkovskijDet internasjonale fonetiske alfabetetEliteserien i handball 1973/74/KvinnerGoogleFin GnattCristiano RonaldoPeter BoszNedbørSexyGrefsen stasjonOtto JespersenAnusEuropaGaukesyreAfrikaDelfíMoskvaCarles PuigdemontAlexandra GjerpenRundeskattenVerdas landToscakakeNypeBoliviaAmalie SkramGoPintMaria Kjos FonnFlaggdagarIsi-ColaBisolFærøyane1995PolenHarju maakondSlingrekjølLundefuglCarina DahlGrodagenStortinget T-banestasjon1. divisjon fotball for mennNavreduksjonKvartalFørste mai27-årsklubbenSjokoladen HobbyLeksikon🡆 More