William Billy Cox (fødd 18.
oktober">18. oktober 1941) er ein amerikansk bassist, mest kjend for å ha spelt i bandet til Jimi Hendrix.
Billy Cox | |||
| |||
Fødd | 18. oktober 1941 Wheeling i West Virginia i USA (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wheeling | ||
Fødenamn | William Cox | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1961 til i dag | ||
Sjanger | Rock, R&B, hardrock, heavy metal | ||
Instrument | Bassgitar, vokal | ||
Kjende instrument | Fender Telecaster Bass, Fender Precision Bass | ||
Tilknytte artistar | Gypsy Sun and Rainbows, Jimi Hendrix, Band of Gypsys, The Jimi Hendrix Experience, Experience Hendrix, Buddy Miles, The Casuals, The Charlie Daniels Band | ||
Plateselskap | Reprise, Legacy, Capitol, MCA | ||
Verka som | Musikar |
Han møtte først Jimi Hendrix tidleg i 1960-åra, då dei begge var i hæren i lag. Cox spelte då i lag med Hendrix i eit R&B-band kalla King Kasuals. Hendrix inviterte seinare Cox til England for å spele i bandet hans, men Cox avslo og jobben gjekk i staden til Noel Redding. Etter at the Jimi Hendrix Experience var oppløyst i 1969, kom Cox med i bandet Band of Gypsys i lag med Hendrix. Cox vart verande i band med Hendrix til han døydde i 1970, og spelte mellom anna på Woodstock-festivalen.
I 1971 gav Cox ut albumet Nitro Function med Char Vinnedge (frå Luv'd Ones) og Robert Tarrant. Cox spelte òg i lag med fleire andre, som Charlie Daniels Band og Buddy Miles.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Billy Cox, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.