Ane Stangeland Horpestad (fødd 2.
juni">2. juni 1980) er ein tidlegare fotballspelar frå Orre i Rogaland. Ho spela for Klepp Idrettslag frå 1997 til 2008, med unnatak for år 2000, då ho var student i USA og spela på eit universitetslag, og i 2006-sesongen, då ho var med i Kolbotn IL sitt mannskap som vart seriemeistrar og spela seg fram til semifinalen i UEFA-cupen. Stangeland spela 105 landskampar for Noreg frå 1999 til ho la opp i 2008.
Ane Stangeland Horpestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1980 (43 år) Stavanger kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i |
Ho er frå 2006 gift og busett i Sandnes.
Stangeland debuterte for Klepp i 1997, klubben kom på bronseplass i serien og spela cupfinale mot Trondheims-Ørn på Ullevaal stadion det same året. Også i 1999 vart det seriebronse for Klepp.
Ho debuterte for Noreg i 1999, men fekk ikkje plass i meisterskapstroppane til sommar-OL 2000 og EM 2001. Si fyrste internasjonale meisterskapturnering fekk ho som høgreback i 2003. Under verdsmeisterskapen det året vart det norsk fjerdeplass, etter tap i bronsekampen mot Kina.
Frå 2005 var Stangeland kaptein for det norske kvinnelandslaget, då hadde ho fått fast plass i laget som midtstoppar. Ho leia laget fram til finalen under fotball-EM 2005, der det vart finaletap 3-1 mot heimefavorittane Tyskland.
Stangeland spela for Kolbotn IL i 2006, då klubben sikra seg sin andre seriemeistertittel etter siger over Trondheims-Ørn i siste serierunde. Same året spela seg fram til semifinalen i UEFA-cupen, der Kolbotn-kvinnene vart slått ut av svenske Umeå IK.
Ho var med også til fotball-VM 2007 og avslutta si landslagstid med sommar-OL 2008. Ved sesongslutt i 2008 la ho opp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ane Stangeland Horpestad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.