Verkebyll

Ein verkebyll eller ein abscess er ei avgrensa oppsamling av puss i kroppsvev.

Ein verkebyll kan oppstå i alle kroppsdelar, og vert som regel forårsaka av ein bakterie-infeksjon. Byllar kan også oppstå på grunn av visse typar sopp og amøbar.

Verkebyll
Abscess

Verkebyllar oppstår når kroppsvev vert infisert og kroppen ikkje klarar å hindra infeksjonen i å spreia seg. Kvite blodlekamar kjem til og samlar seg opp i det infiserte området. Då vert det laga puss, som er samansett av væske, daude og levande kvite blodlekamar, daudt vev og bakteriar eller andre framandelement. Hud-abscessar er synlege, raude, hovne og smertefulle. Verkebyllar i andre kroppsdelar er ikkje like lette å oppdaga, noko som kan føra til komplikasjonar. Det medisinske ordet for pussoppsamlingar i hulrom i kroppen er empyem.

Ein lækjar bør undersøkja verkebyllen for å fastslå om det kjem av eit framandt objekt som har kome inn i kroppen. I så fall kan det vera naudsynt med eit kirurgisk inngrep for å fjerna det framande objektet. Det kan òg vera naudsynt å tømma verkebyllen for puss ved å stikka hòl i han. Pasienten får ofte antibiotika i tillegg, for å hindra vidare bakteriespreiing.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

AmøbeBakterieInfeksjonKroppsvevPussSopp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Andreas WidhölzlJerry DouglasElassónaOrFikenslektaBon Iver, Bon IverSpeidarrørslaKristin ClemetForelskingÁrakhthos i ÁrtaMidsommarKvitveisDei sameinte nasjonaneSeljeInternasjonalenSilvevKlimaNord-KoreaHilde LyrånEngland og WalesDen fjerde DoktorenMediaWikiTønsberg kommuneCanon EOS 250DJonas BrothersDen HelderHumleHochalmspitzeHarvey MandelSaksofonIsHenrik II av EnglandSpesifikk varmekapasitetMadeiraAluminiumRådyrJapanTaekwondoLangePollachiusFuerteventuraGreipNederlandEirik SalstenVevdesignGonzález IslandEyvind JohnsonTryggve AndersenLemmingSauChampions LeagueEduardo Francisco de Silva NetoMartha SkrettebergNynorskdagenKronografBjørnSola kommuneNasjonalrettAksel SandemoseVimmerby kommunMagnar EstenstadJeórjos Karaiskákis i ÁrtaIschiaElon MuskVegard UlvangAsker kommuneHagebruksreiskapFascismeLittle WalterKabelsporvognNasjonalplantarEndetarmSilkehegreJerry ReedKonsentrasjonsleir🡆 More