«A Sailor’s Life» (Roud 273; Laws K12) er ei engelsk folkevise som skildrar ei ung kvinne som prøver å finn kjærasten sin, ein sjømann.
Til slutt får ho høyre at han har drukna og sørgjer over han.
Songen vart trykt som skillingsvise på 1700-talet og samla inn av W. P. Merrick i 1899 frå Henry Hills frå Lodswroth i Sussex. Han vart publisert i Penguin Book of English Folk Songs og spelt inn i 1960 av A. L. Lloyd for albumet A Selection from the Penguin Book of English Folk Songs. Han vart så spelt inn av Judy Collins på albumet hennar A Maid of Constant Sorrow i 1961 og Martin Carthy for hans Second Album i 1966, då med fiolinisten Dave Swarbrick.
Det truleg frå ein av desse kjeldene at Sandy Denny lærte songen. Ho song songen som soloartist og tok han med seg til Fairport Convention, som med Dave Swarbrick på fiolin, vart gjeven ut på Unhalfbricking i 1969. Denne versjonen var over elleve minuttar lang. Dette var ei innspeling som markerte byrjinga på engelsk elektrisk folk som førte fram til det viktige albumet Liege & Lief seinare på året.
Ein har funne fleire variantar av songen:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article A Sailor's Life, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.