Årring

Årringar er ringane ein kan sjå i tverrsnittet på ei trestamme.

Synlege ringar er eit resultat av sesongavhengige endringar i kor raskt treet veks, og ein ring markerer derfor vanlegvis eitt år av livssyklusen til treet. Ringane er meir synlege på tre som veks i temperert klima fordi skilnadane mellom årstidene er større her.

Årring
Årringane til eit ukjend treslag i Bristol Zoo i England.
Årring
Årringar i ei virakfuru.

Den indre delen av ringane er forma tidleg i vekstsesongen, medan veksten er relativt rask og tettleiken på treet er mindre. Den ytre delen av ringane har større tettleik fordi trea veks saktare om sommaren og hausten.

År med tilstrekkeleg fukt og ein lang vekstsesong fører til tjukke ringar, medan år med tørke kan gje smale ringar. Slik kan ein òg seie noko om klimatilhøva og variasjonen i desse i området eit tre veks ved å studere årringane. Tre frå same område har ein tendens til å utvikle dei same mønstera i dei same periodane. Studiet av slike ringar vert kalla dendrokronologi.

Andre årringar

Synlege og ikkje fullt så synlege vekstringar finst òg i dryppsteinssøyler (stalagmitt, stalaktitt eller samanvokse former) Veksten av desse er så langsam at det først i våre dagar er vorte mogeleg å undersøke desse. Det er klimaperiodar som er hovudfokus og tidsskalaen er i hundreår.

Dyr som har skal og veks legg ofte berre eit nytt lag skall på innsida av det gamle. Dette kan ein tydelegast sjå på enkelte skjel og muslingar, men òg sniglehus kan ha tydelege årgangsskilje. Fiskeskjel kan nyttast til bestemme alderen til fisken. Eit særtilfelle i krypdyrverda finst i «rangla» til klapperslangar, som består av restar av skinnet frå tidlegare år.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Temperert klimaTreÅrstid

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Torvastad IdrettslagVM i fotball 2022Petter NorthugDonald TrumpBjørnNorsk ytre språkhistorieTallerkenRSSFilmserien Harry PotterVik kommuneLarvik kommuneGeitOsloEtanTríkalaAdministrativ inndeling i HellasSikhismenMjøsaSauMuscat guvernementPanterSpesifikk varmekapasitetKalambákaSaltNazismeKathakaliSamleieDet amerikanske flagget157Pave Johannes Paul ISki-VM 2019SofádesSunndalsøraThe Times of IndiaMusikkgruppa GåteEdderkoppar i kulturenJantelovenRagnhild BrochmannMolde kommuneKlima i CanadaFlorøIsPedro I av BrasilJolene av Dolly PartonVM i friidrett 1983Adolf HitlerJournalistikkDet nederlandske koloniriketOmanbuktaOseanografiNihilismeRhinenGarden KatthultDen muslimske verdaBygdedyretKvalsafariVM i alpine greiner 2019NM i bryting 1974Normert talemålRimGeorg RiedelSjakkLondonHasardSyndikalismeRakettStrategispelWayback MachineRígas Feréos i Magnisía🡆 More