Innlogging er ikkje nødvendig for å lesa eller redigera Wikipedia-innhald, men kan gje tilgang til fleire funksjonar, og er generelt tilrådd.
Når du registrerer deg oppgjev du eit brukarnamn (kallenamn eller verkeleg namn) og eit passord. Systemet vil ikkje godta at du prøver å registrera eit brukarnamn som allereie er i bruk. Ein brukarkonto kan berre opprettast ein gong, han kan ikkje slettast. Neste gong du skal logga inn oppgjev du brukarnamn og passord, og du vil då loggast inn.
Redigeringar du gjer blir logga under brukarnamnet ditt. Dersom du ikkje er logga inn vil endringar loggast under IP-adressa du bruker.
Sjølv om innlogging ikkje er nødvendig for å lesa eller redigera innhald på Wikipedias, er det likevel ein god idé å logga inn, til dømes på grunn av:
Først bør du sjekka om nettlesaren din godtek informasjonskapslar (cookies), gjer han ikkje det vil du ikkje ha høve til å logga inn. For å logga inn klikk på logg inn øvst i høgre hjørne. Du blir beden om å oppgje brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har logga inn før vil du blir beden om å oppgje passordet to gonger.
Du kan òg oppgje ei e-postadresse, slik at andre brukarar kan ta kontakt med deg òg utanfor Wikipedia, og du kan få tilsendt passordinformasjon.
Dersom du klikkar på boksen «Hugs passordet til neste gong», vil du ikkje trenga å logga inn for kvar gong du opnar Wikipedia for å lesa eller endra ei side.
Dersom du likevel ikkje er innlogga når du opnar ei side etter at du har sett «Du er no innlogga»-sidan, er det fordi nettlesaren din ikkje godtek informasjonskapslar (cookies). Du må då endra innstillingane i nettlesaren for å få logga inn. Dersom du er heilt sikker på at du har stilt nettlesaren inn til å godta informasjonskapslar, sjekk om du har kryssa av i nettlesaren om at han skal godta informasjonskapslar frå http://wikipedia.org
Dersom du skreiv inn ei e-postadresse då du registrerte deg, eller skreiv han inn i innstillingane seinare, kan du be om å få tilsendt eit nytt passord til den e-postadressa. Dersom du ikkje skreiv inn ei e-postadresse eller ikkje lengre har tilgang til han du skreiv inn, må du ta kontakt med nokon som har direkte tilgag til databasen og bevisa at det er din nytter. Då kan dei setja eit nytt passord for deg om dei har tilstrekkeleg bevis for at kontoen verkeleg tilhøyrer deg. Viss det ikkje fungerer med det så må du rett og slett laga deg ein ny brukarkonto.
Wiki brukar UTF8, og brukarnamn på Wikipedia kan difor innehalda praktisk talt alle moglege teikn, inkludert mellomrom og teikn i ikkje-latinske alfabet.
Brukarnamn er personlege og skal brukast av berre éin person. Felleskontoar eller kontoar som kan sjå ut som felleskontoar er difor uønska.
Brukarnamn som er openberr reklame eller refererer til eit firma, organisasjon, gruppe, politisk parti eller liknande er ikkje tillatne.
Det er vidare ikkje ønskeleg å ha brukarnamn som viser til politisk ståstad, seksuell orientering eller liknande, eller som på einkvan måte kan oppfattast som støytande (t.d. gjennom bruk av banneord eller seksuelle omgrep).
Det er ikkje tillate å bruka namnet på kjende nolevande personar (til dømes Joe Biden) eller kjende historiske personar.
Brukarnamn som berre består av ein lang streng tilsynelatande tilfeldige teikn, til dømes «kjkasdnvcsd», bør ein òg unngå. Brukarnamn som minner om IP-adresser skal heller ikkje brukast, då dette gjer at andre brukarar vil ta deg for ein som ikkje er registrert.
Brukarnamn som antyder at du har spesielle rettar, til dømes eit namn som inneheld «administrator», er heller ikkje tillatne.
Eit anna problem kan vera at brukarnamnet liknar for mykje på eit brukarnamn som allereie finst, då dette kan skapa forvirring hos andre brukarar. Det kan til dømes vera vanskeleg for andre å skilja brukarane «Go'Jenta» og «GodJenta», noko som gjer at den av dei to som registrerte seg sist vil bedast om å finna seg eit nytt brukarnamn.
Brukarnamn som blir oppfatta som upassande kan bli blokkerte.
Dersom ein er utilfreds med valet av brukarnamn eller får melding om at brukarnamnet er blokkert eller ikkje akseptabelt, kan brukarnamnet endrast på Meta-sidene til Mediawiki. Tidlegare endirngar ein har gjort vil då knytast til det nye brukarnamnet.
Du kan logga ut kva tid som helst ved å klikka på logg ut-knappen på toppen av sida. Logg alltid ut når du er ferdig viss du brukar ei offentleg datamaskin (til dømes på bibliotek eller skular).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wiki:Innlogging, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.