Eit voivodskap (polsk województwo, rumensk voivodat, serbisk vojvodstvo eller vojvodina, tsjekkisk vévodství) er eit område som er styrt av ein voivod i fleire land i Sentral- og Sør-Europa.
Voivodskap har vorte skapa sidan mellomalderen i territoria som no omfattar Polen, Romania, Ukraina, Litauen, Kviterussland, Ungarn og Moldova. I slavisk språkbruk svarer titelen av voivod til det germanske omgrepet hertug og kan gjerne omsetjast som 'hærleiar' i historiske kontekstar.
I moderne samanhengar viser ordet voivodskap til ei administrativ eining i Polen. Landet er no delt opp i 16 voivodskap som representerer det høgaste sjølvstyrenivået.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Voivodskap, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.