Viorica Viscopoleanu, fødd Belmega (fødd 8.
august">8. august 1939) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1968.
Viorica Viscopoleanu | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 8. august 1939 (84 år) Banyliv-Pidhirnyj, Budenets |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Viscopoleanu vart nummer fem i lengdehopp under sommar-OL 1964 i Tokyo, med resultatet 6,35 m. Nummer fem vart ho også i friidretts-EM 1966 i Budapest, då etter eit lengstehopp på 6,33 m.
Under dei olympiske leikane i Mexico-byen gjorde Viscopoleanu sitt livs hopp då ho i fyrste omgang smelte til med 6,82 m og ny verdsrekord. Ingen annan utøvar klarde å nærme seg prestajsonen, Sheila Sherwood frå Storbritannia tok sølv med 6,68 m. Året etter tok Viscopoleanu sølvmedaljen i EM i friidrett 1969 i Aten med 6,45 m, slått med fire cm av vinnaren Mirosława Sarna frå Polen.
Viscopoleanu deltok i sin tredje europameisterskap i 1971 og vart nummer seks i lengdetevlinga. Året etter deltok ho i München i sitt tredje OL og vart nummer sju. Ho la opp i 1974.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Viorica Viscopoleanu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.