Vilma Bardauskienė (fødd Vilhelmina Augustinavičiūtė, 15.
juni">15. juni 1953) er ein litauisk tidlegare lengdehoppar frå Pakruojis i Šiauliai fylke som representerte Sovjetunionen på friidrettsbana. Ho vart europameister i lengdehopp i 1978, same sesongen som ho forbetra verdsrekorden to gongar og vart den fyrste kvinna som hoppa over sju meter i lengdehopp..
Vilma Bardauskienė | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Litauen |
Fødd | 15. juni 1953 (70 år) Pakruojis |
Idrett | friidrett |
Bardauskienė tok bronsemedaljen i sovjetmeisterskapen 1977 med eit hopp på 6,28 meter. Sommaren 1978 vart ho fyrst sovjetmeister med eit lengstehopp som målte 6,82 meter. Den 18. august 1978 smelte ho til med 7,07 meter i Chişinău, ny verdsrekord med åtte centimeter. Dermed vart ho også den fyrste kvinna som hoppa over sju meter.
Med sin ferske verdsrekord vart Bardauskienė favoritt til lengdegullet i europameisterskapen i Praha. Ho forsterka favorittstempelet då ho i lengdekvalifiseringa 29. august 1978 forbetra sin eigen verdsrekord med to centimeter til 7,09 meter. I finalen hoppa ho 6,88 meter og vann gullmedaljen framom austtyske Angela Voigt som stoppa på 6,79 m.
Under sovjetmeisterskapen 1979 enda Bardauskienė på femteplass med ordinære 6,29 meter. Verdsrekorden hennar stod til rumenske Anişoara Cuşmir i 1982 hoppa 7,15 meter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vilma Bardauskienė, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.