56°26′58.524″N 9°24′0.63720″E / 56.44959000°N 9.4001770000°E / 56.44959000; 9.4001770000
Viborg er ein by og tidlegare kjøpstad sentralt på Jylland i Danmark. Byen har 38 261 innbyggjarar (2013) og ligg i Viborg kommune i Region Midtjylland. Viborg er administrasjonsstad for kommunen og for Region Midtjylland.
Fram til kommunereforma i 2007 var Viborg administrasjonsstad for kommunen og for tidlegare Viborg amt.
Viborg er ein av dei eldste byane på Jylland og oppstod rundt år 900-1000.
Viborg var frå 1000-talet den viktigaste samlingsstaden på Jylland, i Knut den mektige si regjeringstid. I 1027 vart kong Hardeknud hylla som konge på Tinget Viborg Landsting. Det skal ha vore den første kongehyllinga i Danmark. Magnus den gode vart hylla i 1042. Fram til midten av 1600-talet var Viborg Landsting med på å utpeika kongane av Danmark.
Munken Ælnoth skreiv kring 1120: "Der samles hyppigt store skarer fra hele Jylland, dels for at forhandle om de fælles anliggender, dels for at drøfte, hvorvidt lovene er retfærdige eller endnu gyldige, og tillige give dem fasthed. Og hvad der er blevet fastlagt med enigt samtykke af den forsamlede mængde, kan ikke ustraffet sættes ud af kraft i nogen egn af Jylland."
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Viborg i Danmark, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.