Veslefrikkfeltet er eit olje- og gassfelt som ligg i blokkene 30/3 og 30/6 i Nordsjøen.
Statoil er operatør for feltet. Feltet vart funne i 1981 og produksjonen starta i 1989. Ein fast boreinstallasjon, Veslefrikk A-platformen, vert nytta til å bora produksjons- og avgrensingsbrønnar. Ein halvt nedsenkbar borerigg, Veslefrikk B, vart nytta til utvinning av olje og gass. Totale investeringar i feltutbygginga er rekna å verta 20,3 milliardar NOK. Utvinnbare reservar var i 2006 rekna til å vera 56,2 millionar Sm3 råolje og 2,8 milliardar Sm3 naturgass.
Olja frå Veslefrikk vart ilandført gjennom Osebergrøyrleidninga til Stureterminalen. Gassen vert ilandført gjennom Statpiperøyrleidninga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Veslefrikkfeltet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.