Venelina Veneva-Matejeva (fødd 13.
juni">13. juni 1974) er ein bulgarsk tidlegare høgdehoppar frå Ruse som vann sølvmedaljen i øvinga ved Friidretts-EM 2006. Ho deltok i internasjonale meisterskap over ein periode på 25 år.
Venelina Veneva | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 13. juni 1974 (49 år) Ruse |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Veneva debuterte ved verdsmeisterskapen 1991, men det var fyrst under Friidretts-EM 1998 ho markerte seg. Ho vart då nummer fem med eit hopp på 1,98 meter. År 2001 vart ho nummer 3 i innandørs-VM i Lisboa og ho kom fjerdeplass ved verdsmeisterskapen i Edmonton, i den siste tevlinga på same høgde som bronsevinnar Kajsa Bergqvist. Eit par månader før Edmonton-VM presterte Veneva livsbeste då ho 2. juni 2001 svinga seg over 2,04 meter under eit stemne i greske Kalamata. Under VM 2003 i Paris enda ho på atter på fjerdeplass.
Ved innandørs-EM 2005 i Madrid vart Nuneva nummer 3. Sommaren 2006 tok ho sølvmedaljen då europameisterskapen vart avvikla i Göteborg. Både ho og belgiske Tia Hellebaut hoppa 2,03 meter, Hellebaut vann gull ved å ta høgda i fyrste forsøk, Nuneva måtte ha to forsøk. Den 18. august 2006 i Zürich tangerte Veneva den personleg rekorden på 2,04 m.
Ein dopingkontroll i januar 2007 viste at Veneva hadde altfor mykje testosteron i kroppen. Dermed vart ho stengt ute frå idrett i to år. Ho kom aldri tilbake på internasjonalt toppnivå.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Venelina Veneva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.