Völkerball er det andre konsertalbumet til Rammstein og det sjuande totalt.
Det blei lansert 17. november 2006. Hovudopptaka er gjort i amfiteateret i den franske byen Nimes 23. juli 2005. I tillegg er det med opptak frå London, Tokyo og Moskva. Albumet blei lansert i tre utgåver i november 2006. Felles er et 60-tals USA-inspirert omslag i gullskrift på svart bakgrunn, og designelementa går igjen i detaljer på innsida av omslaga.
Standard edition har eitt digipack-cover, som har seks sider, som i utbretta form dannar ein kross. Sidene er pryda med svart/kvitt-fotografi tatt av den franske fotografen Frederic Batier. Pakken inneheld ein CD og ein DVD. Sporoversikt:
Special Edition har også eit Digipack-cover og har i tillegg til innhaldet i Standard Edition ein ekstra DVD med to dokumentarar:
Ein av Rammsteins hittil mest eksklusive innpakningar består av ei 190 siders bildebok med svart/kvitt-bilete frå turneen og har to CD-ar og to DVD-ar på innsida av omslaget Boka har måla 27 x 31 cm. Limited Edition begge DVD-diskane frå Special Edition, men har i tillegg to CD-ar med heile konserten. Sporoversikt:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Völkerball, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.