Torri Edwards

Torri Edwards (fødd 31.

januar">31. januar 1977) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå California som i 2004 vart kåra til verdsmeister på 100 meter for 2003, og vann VM-gull i 4 x 100 m stafett i 2007.

Torri Edwards

Torri Edwards

Statsborgarskap USA
Fødd 31. januar 1977 (47 år)
Fontana
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000

Aktiv

Edwards deltok i tre øvingar under Sommar-OL 2000. Ho makta ikkje å kvalifisere seg til finalane på 100 m og 200 m, derimot var ho med på det USA-amerikanske laget som fekk bronse på den korte stafetten.

Den 11. juli 2003 sprang Edwards sitt livs fortaste 200 meter i eit stemne i Roma, klokka inn på 22,28 sekundar. Under verdsmeisterskapen i Paris nokre veker etter vart Edwards tildelt sølvmedalje på 100 m og bronsemedalje på 200 m, begge tevlingane vart vunne av landskvinna Kelli White. Då White året etter vart dømd for bruk av dopingmidlar, vart Edwards tilkjend VM-sigeren på 100-meteren og sølvplassen på 200 m. Under sjølve meisterskapen i Paris sprang Edwards USA inn til sølvmedalje i 4 x 100 m stafett, fem hundredels sekund bakom laget frå Russland.

Etter å ha vore utestengd frå friidretten i 2004-05 kom Edwards sterkt tilbake. Under VM 2007 i Aten måtte ho ta til takke med fjerdeplassen på 100 m så vel som på 200 meter. I 4 x 100 m stafett lukkast ho som ankerkvinne å springe USA sitt lag, som elles bestod av Lauryn Williams, Allyson Felix og Mikele Barber, inn til gull, 0,03 sekund framom Jamaicas Veronica Campbell.

I 2008 flytta Edwards den personlege rekorden på 100 meter til 10,78 sekundar i semifinaleløpet då USA heldt OL-uttak, der ho i finalen vart nummer to. Under sommarleikane i Beijing enda ho på åttandeplassen i 100-metersfinalen.

Doping

Edwards vart i juli 2004 dømd for doping og utestengt i to år. I november 2005 vart utestenginga korta ned til 15 månader, etter at det forbodne stoffet Nikethamide vart nedgradert av WADA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

  • OL 2000 i Sydney: Bronse i 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 200 m (23,06 =nr 10) og i kvartfinalane på 100 m (11,32 =nr 17)
  • VM 2003 i Paris: Gull på 100 m – 10,93, sølv på 200 m – 22,47, og i 4 x 100 m stafett
  • VM 2007 i Osaka: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 4 på 100 m – 11,05, og på 200 m – 22,65
  • OL 2008 i Beijing: Nr 8 på 100 m – 11,20. Utslått i forsøket på 4 x 100 m stafett

Kjelder

Tags:

Torri Edwards AktivTorri Edwards KjelderTorri Edwards197731. januarCaliforniaFriidrettUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KasakhstanNellikrevolusjonenSøppelAfghanistanBojarenes inntogsmarsjEininga barTonsillOffentleg eigedomSoparMaiVevdesignIrakLotta i BråkmakergataPlateésFranskStøvsugarHans ØyFreddie MercuryBirger HatlebakkFirenzeUSASilkeormJamstellingsvedtaketHarald V av NoregRasofiel RiseRusslandJonas Gahr StøreHestehovJohannes VermeerRundeHomofiliHans M. BorchgrevinkSosialdemokratiSvaleurtJordaHuaoraniarHenrik IbsenVengNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»TysklandKapitalismeKvadratmeterSatyajit RayMicrosoft WindowsPintJonsokSMS-språkTsjasiv JarSandveAmerikakoffertPlantarMogopSvalSatFthiótidaHolmenkollmedaljenPN-overgangLønnPlaneten MarsEmil i LønnebergetHøgnorskTommy RobinsonTom HagenMedinaKim HaugenBrasilInternasjonal telefonkodeAnne Lise GjøstølDinosaurarUN-nummerFolkerepublikken KinaMarie AntoinetteSandnessjøenDamplokomotivCarl Philip av SverigeAtle HansenPliktetikk🡆 More