«The Mexican Connection»
The Entertainer Singel av Billy Joel frå albumet Streetlife Serenade | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1974 | |
Innspelt | A & R Recording, Inc., New York City | |
Sjanger | Softrock, folkrock | |
Lengd | 3:41 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Billy Joel | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Michael Stewart | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Travelin' Prayer" (1974) | The Entertainer | «Just the Way You Are» (1977)
|
«The Entertainer» er ein song av songaren Billy Joel gjeven ut som den einaste singelen hans frå albumet Streetlife Serenade i 1974. Singelen nådde 34. plassen på den amerikanske singellista.
Songen er ein kynisk og noko satirisk syn på den flyktige populariteten til ein musikar og korleis musikksmaken i tida endrar seg («Today I am your champion. / I may have won your hearts. / But I know the game. / You'll forget my name. / And I won't be here / in another year / if I don't stay on the charts.»). Dette temaet dukka opp att seinare i songen «It's Still Rock and Roll to Me». Eit anna vers i songen refererer til at ein tidlegare singel av Joel, «Piano Man», vart korta ned frå nesten seks minuttar til litt over tre minuttar for å passe radioformatet betre. I teksten syng han: «It was a beautiful song, / but it ran too long. / If you're gonna have a hit, you gotta make it fit. / So they cut it down to 3:05.» I tillegg var tida på etiketten til 7"-plata med «The Entertainer» 3:05, sjølv om lengda i røynda var 3:11 (og på albumet 3:41). På singelversjonen er det tredje verset klippa bort.
På somme singelutgåver av «The Entertainer» var B-sida «The Mexican Connection».
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Australia | 89 |
Canada | 30 |
U.S. Billboard Hot 100 | 34 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 30 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Entertainer av Billy Joel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.