Søndre Sandøy er ei øy i Hvaler kommune med sandstrender, sykkelvegar og mykje skog.
Naboøya Nordre Sandøy ligg like nord for Søndre Sandøy og begge ligg like ved riksgrensa til Sverige.
Søndre Sandøy | |
---|---|
Gravingsund | |
Geografi | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 58°59′49″N 11°04′51″E / 58.99694°N 11.08083°E |
Øygruppe | Hvaler
|
Areal | 4,2 km²
|
Høgaste punkt | Skjelleren (44 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Østfold
|
Øya er i dag ei populær ferieøy med mange hytter, men det finst òg nokre fastbuande. Busetnaden er konsentret i to område (begge med ferjestopp) Nedgården og Gravingsund.
Øya vart truleg folkesett på 1500-talet og var ein særs aktiv stad under sildefisket. Ein kan framleis sjå restane av salteria. Ved Gravningsund (Buvika) var det tollstasjon i perioden 1892 - 1958. Ved folketeljinga i 1900 hadde øya 325 innbyggjarar. Tyskarane hadde ein base her under den andre verdskrigen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Søndre Sandøy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.