Storhertug (italiensk granduca, tysk Großherzog) er ein fyrstetittel som har rang mellom konger eller kurfyrster og hertugar.
Cosimo I av Medici, hertug av Firenze, var den første fyrsten som tok tittelen storhertug. Han fekk han tildelt i 1569 av pave Pius V. Før første verdskrigen var over vart denne vørdnaden innehatt av statsoverhovudet i Luxemburg (sidan 1815) og dessutan av seks tyske fyrstar, nemleg herskarane i Hessen-Darmstadt og Baden (sidan 1806), Sachsen-Weimar, Mecklenburg-Schwerin og Mecklenburg-Strelitz (sidan 1815) og dessutan Oldenburg (sidan 1829). Kongen av Preussen bar tittelen storhertug av Nedre Rhen og Posen, medan keisaren av Austerrike bar tittelen storhertug av Toscana og Krakow.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Storhertug, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.