Abaza (også abazinsk, abazisk) er eit nordvestkaukasisk språk som er nært i slekt med abkhasisk.
Totalt talar kring 50 000 menneske språket, knappe 40 000 i Russland og 10 000 utanfor landet, hovudsakleg i Tyrkia.
Abaza | ||
Klassifisering | Kaukasisk Nordvestkaukasisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland, Tyrkia | |
Område | Karatsjajevo-Tsjerkessia | |
Abazatalande i alt | 47 880 (1995–2010) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | abq |
Hovudutbreiingsområdet til språket er i Karatsjajevo-Tsjerkessia, der det blir skrive med kyrilliske bokstavar. I Tyrkia blir det skrive med latinske bokstavar.
Abaza er eit SOV-språk med ergativ setningsstruktur. Subjekt, direkte objekt og indirekte objekt blir markerte med verb-affiks i staden for kasus. Språket peiker seg ut gjennom sitt minimale vokalsystem med berre to vokalfonem, medan konsonantsystemet er svært omfattande, med 63 konsonantar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Språket abaza, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.