Soini Mikael Nikkinen (19.
juli">19. juli 1923–2. juni 2012) var ein finsk spjutkastar frå Kiuruvesi. Han vann bronsemedaljen i spjutkasting under Friidretts-EM 1954 i Bern.
Soini Nikkinen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 19. juli 1923 Kiuruvesi |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Nikkinen deltok i Sommar-OL 1948 og Sommar-OL 1952, enda på høvesvis tolvte- og åttandeplass. Perioden 1951-56 var han kvart einaste år mellom dei tre beste spjutkastarane på verdsstatistikken. Han vart finsk meister i 1952 og kom på tredjeplass i europameisterskapen 1954. I 1955 sette han landsrekord med eit kast på 79,64 meter. Den 24. juni 1956 sette han verdsrekord med eit kast på 83,66 meter i Kuhmoinen. Allereie ti dagar seinare vart rekorden forbetra med 10 cm av polske Janusz Sidło. Nikkinen fekk ikkje delta i Melbourne-OL grunna misnøye med oppførselen hans i samband med ein landskamp i Hamburg..
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Soini Nikkinen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.