Slaget ved Bloody Creek vart utkjempa den 21.
juni 1711 under Dronning Anne-krigen. Ein Abenaki-milits klarte å overfalle britiske soldatar og soldatar frå Ny-England ved ein stad som vart kjend som Bloody Creek etter slaga som vart utkjempa der. Elva renn ut i Annapolis River ved dagens Carleton Corner i Nova Scotia, og var òg åstad for eit slag i 1757.
Slaget ved Bloody Creek | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Dronning Anne-krigen | |||||||
Varde reist i 1932 av Historic Sites and Monuments Board | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Ny-England milits Britiske regulære troppar | Abenaki-indianarar | ||||||
Kommandantar | |||||||
David Pigeon | L'Aymalle | ||||||
Styrkar | |||||||
70 militssoldatar | 50–150 | ||||||
Tap | |||||||
16 drepne, 9 skadde, resten fanga | ukjend |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Slaget var ein del av eit forsøk frå leiarane i Ny-Frankrike på å svekke det britiske grepet om Annapolis Royal. Britane hadde erobra fortet året før og dei hadde berre så vidt kontroll over området. Slaget, der heile den britiske styrken vart fanga eller drepen, gav mot til franskmennene og deira indianske allierte som blokkerte Annapolis Royal. Utan tunge våpen, klarte derimot ikkje styrken å angripe fortet med stor effekt, og gav opp omleiringa då britiske forsterkinga kom via sjøvegen.
44°49′21″N 65°18′34″W / 44.8224°N 65.3095°W
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slaget ved Bloody Creek i 1711, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.