Skolens sangbok samlet av Mads Berg er ei skulesongbok utgjeven av Mads Berg på Aschehoug i 1914.
Boka dominerte songundervisninga i norsk skule i store delar av det tjuande hundreåret. Ho kom i mange utgåver; nynorskutgåva kom ut under tittelen Skulesongbok, samla opplag for begge utgåvene skal ha vore rundt 1 million bøker.
Med eit allsidig utval norske songar har boka vore ein formidlar av norsk songskatt, og ved å gje skuleborn felles kunnskap om norske songar har ho vore rekna som eit element i den norske nasjonsbygginga.
Fyrsteutgåva som kom i 1914 under tittelen Skolens sangbok / samlet av Mads Berg hadde 160 sider med songtekstar og notar for ein- og tostemmige melodiar.
Ei ny auka utgåve i 1929 hadde 199 sider. Same året kom det ut eit tillegg; Tillegg til Mads Berg: Skolens sangbok med metodiske anvisninger for sangundervisningen samt en del trestemmige sanger, på 32 sider. Dette tillegget vart seinare teken inn som ein del av boka.
I 1933 var boka kommen ut i 342 000 eksemplar, ho hadde då 231 sider med illustrasjonar.
Utgåvene frå 1940 hadde 256 sider musikk og ein tilleggsbolk på XXIX (29) sider. Dette året kom songboka i to målformer; bokmål og nynorsk:
Med utgåva Skule-songbok : med metodisk rettleiing for opplæring i song / av Mads Berg i 1952 var boka kommen i 693 000 eksemplar.
I 1954 kom ein ny utgåve ved Arnfinn og Åse Klagegg; Skolens sangbok : med metodisk rettledning for undervisning i sang og musikk / Mads Berg.
Utgåva ved Klagegg kom òg på nynorsk som Skulesongbok : med metodisk rettleiing for opplæringa i song og musikk / Mads Berg. 26. utgåve frå 1966 hadde 350 sider, av dette 25 sider metodikk. Den tilsvarande bokmålsutgåva kom i 12. opplag så seint som 1995, merka «For folkeskolens 2.-9. skoleår».
I 1946 gav Arild Sandvold ut boka Sangen har lysning med piano- eller orgelakkompagnement til dei mest kjende melodiane i skulesongboka til Mads Berg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Skolens sangbok samlet av Mads Berg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.