Silvia Neid (fødd 2.
mai">2. mai 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og trenar. Ho er ein av dei mest suksessfulle spelarane i tysk kvinnefotball, etter å ha vunne sju nasjonale ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. I 2005 til 2016 var Neid landslagstrenar for det tyske kvinnelandslaget. I 2010, 2013 og 2016 blei ho kåra til årets trenar av FIFA.
Silvia Neid i 2015. | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 2. mai 1964 | ||
Fødestad | Walldürn | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1980–1983 | Klinge Seckach | ||
1983–1985 | SSG Bergisch Gladbach | ||
1985–1996 | TSV Siegen | ||
Landslag | |||
1982–1996 | Tyskland | 111 | (48) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. august 2023 ‡ Landslagsmål oppdatert 12. august 2023 |
Neid debuterte på det tyske landslaget 10. november 1982 mot Sveits. Det var også den aller fyste internasjonale kampen Tyskland spela. I løpet av kampen scora Neid to mål, og Tyskland vann til slutt 5–1. Fram til 25. juli 1996 spela ho 111 landskampar og scora 48 mål. I 79 av kampane var Neid kaptein for det tyske landslaget. Neid spela sin siste landskamp mot Brasil i Sommar-OL i 1996 i Atlanta.
Med klubbane SSG 09 Bergisch Gladbach og TSV Siegen vann Neid sju tyske ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. Neid var med på det tyske landslaget som blei europameistrar i 1989, 1991 og 1995, og som tok sølv i fotball-VM i 1995.
Som trenar var Neid trenar for det tyske juniorlandslaget, men ho fungerte samstundes som assistenttrenar for kvinnelandslaget. I 2005 tok Neid over som trenar for det tyske kvinnelandslaget. Hennar største merittar som landslagstrenar er gull i VM i 2007, gull i EM i 2009, gull i Sommar-OL i 2016 og bronse i Sommar-OL i 2008.
I 2007 blei Neid tildelt Bundesverdienstkreuz.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Silvia Neid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.