Sikh Light Infantry er eit regiment i den indiske hæren med røter tilbake til den britisk-indiske hæren.
Regimentet har ein sterk sikh-identitet, og symbolet for regimentet er to stiliserte sikh-våpen, ein kirpan over ein tsjakram. Dei fleste soldatane i regimentet er mazabhi-sikhar, andre kjem frå ramdasia-kasten. Offiserar kan ha andre typar bakgrunn.
Sikh Light Infantry | |||
Medlemmer av Sikh Light Infantry i New Delhi under parade på Den indiske republikkens dag. | |||
Land | Britisk India 1944-1947 India 1947-i dag | ||
---|---|---|---|
Grein | Hæren | ||
Type | Lett infanteri | ||
Rolle | Infanteri Bataljonar i hæren Amfibisk Heimevern 163rd Inf Bn - Territorial Army | ||
Storleik | 19 bataljonar | ||
Garnison/HK | Fatehgarh i Uttar Pradesh | ||
Motto | Deg Teg Fateh ('Siger til gryte og sverd') | ||
Kallenamn | Sikh LI |
Regimentet har heitt «Sikh Light Infantry» sidan 1944. Det opphavlege namnet var «The Mazabhi and Ramdasia Sikh Regiment», som blei oppretta for å kjempa i andre verdskrigen i 1941. Sikhar hadde då lenge tent i den britisk-indiske hæren, ofte i einingar kjend som «Sikh Pioneers». Då LI blei danna tok det over regimentsfargane, tradisjonane og ærestilvisingane til desse pionerane.
Sidan India fekk sjølvstende har regimentet teke fleire ulike roller, ikkje berre som infanteri men også innan luftvåpen, marine og som spesialstyrkar. Det har teke del i Siachen-konflikten i Kashmir, kontraterrorisme og i United Nations Emergency Force under Suezkrisa.
Religiøst er regimentet nært knytt til dei gamle akali nihang-krigarane og til guru Gobind Singh.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sikh Light Infantry, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.